Heim Nyhende Vil ha valfritt sidemål

Vil ha valfritt sidemål

Aust-Agder FpU og Grimstad Framstegsparti vil ha valfritt sidemål i vidaregåande skular, skriv NRK Sørlandet.

 

– Det er på tide at elevane får velje sjølve. Framstegspartiet er av den oppfatning at det å ha obligatorisk sidemålseksamen ikkje er til elevane sitt beste, seier Lene Langemyr i Grimstad Frp i ei pressemelding.

Ho legg også vekt på at ein gjennomførte eit prøveprosjekt i ni Oslo-kommunar over ein treårsperiode og at sluttrapporten berre gav positive resultat om at det vart betre karakterer og at elevane fekk ei meir positiv haldning til sidemål.

– Rapporten seier også at elevane vil lære og bli kjend med nynorsk, men ikkje ha eksamen i dette, seier ho til NRK Sørlandet.

Lene Langemyr får støtte frå  formann i Aust-Agder FpU, Jan Erik Buarøy som meiner dette er ei sak for Fylkestinget.

– Det bør vere av tverrpolitisk interesse at elevane går ut av skulen med best mogleg karakterer. FpU meiner at obligatorisk eksamen i sidemål er med på å øydelegge snittet til mange elevar, og kan vere med på å hindre vidare utdanning, seier han til  Agderposten.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...