Heim Nyhende Vil lempe på nynorskkrav

Vil lempe på nynorskkrav

Rådmann Øyvind Bergøy i Hjelmeland kommune meiner det er naudsynt å opne opp for at tilsette i administrasjonen ikkje må skrive nynorsk, skriv Strandbuen.

 

– Me har eit bastant vedtak om at Hjelmeland kommune skal vere ein nynorskkommune. Dette er enkelt for meg som har ein målpris hengjande på veggen, men i kvardagen er det ikkje så enkelt å gjennomføra. Me får inn folk som ikkje beherskar nynorsk, og i ein travel kvardag hadde det av pragmatiske årsaker vore greitt med litt lempeleg praktisering. Det går mange kostbare timeverk til dette, både for dei som slit så godt dei kan for å skrive nynorsk og for dei som i etterkant må opptre med raudblyanten, seier Bergøy til lokalavisa Strandbuen.

Og han får støtte frå politikarane i formannskapet.

– Det ligg langt inne for meg å gå vekk frå at Hjelmeland skal vere ein nynorskkommune, men det går sjølvsagt an å drøfte praktiseringa. Eg set meir pris på ei saksutgreiing på eit godt språk – anten det er bokmål eller nynorsk – i staden for å få tilsendt skriv på dårleg nynorsk, uttaler Arne Kleppa (Sp) til Strandbuen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...