Heim Nyhende – Eit politisk val

– Eit politisk val

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn meiner motmakt-debatten er viktig. – Dette handlar mykje om demokrati, seier ho.

Kommunikasjonsrådgjevar og kommentator Audhild Gregoriusdotter Rotevatn arbeider i kommunikasjonsbyrået I&M i Ålesund. Rotevatn har også brei erfaring som redaktør og journalist, og har blant anna arbeidd i NRK, Kanal 24, Sunnmørsposten, Bergens Tidende og Vårt Land.

– Eg meiner makt-motmakt debatten er ein viktig debatt, men den er på mange måtar ikkje ny. Navarsete skal likevel ha ros for å setje dette på dagsorden på nytt. Samstundes er det ein rar debatt. Det skulle då berre mangle om ikkje andre regionar, byar og stader i Noreg skulle hatt maktorgan, meiner ho og peikar på at sjølv om hovudstaden er hovudstad treng ikkje Oslo i all framtid skal vere Noreg sin viktigaste by

– Det er eit politisk val. Det er viktig at regjeringa er tydeleg på kva dei meiner med makt, om dette skal handle om noko anna enn tvangsflytting av statlege organ. Den norske geografien er ein ressurs, ikkje eit problem, slår Rotevatn fast.

Mistar arbeidskraft
– Burde ein fordele makta betre?

– Ja. Mykje makt er samla i Oslo. Eg saknar ein ny Vestlandsdebatt, til dømes. Dette handlar om mykje meir enn å stimulere til regional utvikling. Det handlar om demokrati. Og å utnytte dei som faktisk bur utanfor Oslo, og har høg kompetanse.

I fylgje Rotevatn er det også ei utfordring med alle dei som gjerne flyttar, men som samstundes må kompromisse ved å akseptere lågare løn og mindre attraktive jobbar, fordi mange meiner det har ein verdi å bu utanfor Oslo.

– Det offentlege mistar mykje godt kvalifisert arbeidskraft på denne måten,  alle dei som kunne ha gjort ein viktig jobb i til dømes eit departement.

Viktig plassering
Audhild G. Rotevatn meiner noko av løysinga ligg i plasseringa av statlege nyetableringar.

–  Staten må byrje med seg sjølv, før ein skal tvinge privat næringsliv ut. Om statleg tvangsflytting ikkje er løysinga i alle tilfella, må debatten om kvar statlege nyetableringar skal liggje, vere reell. Så må ein gje ei hand til dei som allereie klarer å skape verdiar i distrikta. Dei som tener pengar, betalar skatt til fellesskapet. Her på Nordvestlandet rullar vi pengane inn i statskassa, som til dømes gjennom høgteknologiske selskap, maritim næring, møbel- og design, seier ho.

Dette heng også tett saman med resten av samfunnsutviklinga.

– Mykje handlar om samferdsle. Det betyr: veg, bruer, tunnelar. Og sekundert: jarnbane, slår ho fast.

Kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) har dei siste månadane arrangert fleire folkemøte rundt om i landet for å drøfte maktfordelinga i landet. I neste nummer av LNK-avisa kan du lese meir om motmakt-debatten.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...