Heim Nyhende Vil melde seg ut av LNK

Vil melde seg ut av LNK

Formannskapet i Meland kommune i Hordaland gjekk med eit knapt fleirtal inn for at øykommunen skal melde seg ut av LNK denne veka. Saka skal vidare til kommunestyret i april.

Med fire mot tre røyster gjekk formannskapet inn for utmelding onsdag. Årsaka til dette er at kommunen arbeidar for å kome i økonomisk balanse. I saksutgreiinga skriv kommunen: «I samband med prosessen for å oppnå økonomisk balanse, har det vore nødvendig å vurdere alle ikkje-lovpålagte tiltak svært streng. Dette gjeld også for medlemskap i ulike organisasjonar, sjølv om desse gjer ein god jobb og fyller eit behov innan sitt interesseområde».

Saka skal opp til endeleg avgjerd i kommunestyret 11. april.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...