Heim Nyhende Nynorsksiger i Bykle

Nynorsksiger i Bykle

Mange har jobba aktivt for at Bykle kommune i Setesdal skulle behalde nynorsk som administrasjonsspråk dei siste vekene. I går fekk dei full utteljing for jobben, då eit klart fleirtal i kommunestyret gjekk inn for at tilsette i kommunen framleis skal skrive nynorsk.

Medlemer i Senterpartiet, einskildpersonar og det lokale mållaget har vore aktive dei siste vekene ved å kontakte andre politiske parti, skrive lesarinnlegg i lokalavisa og få uttale frå Språkrådet for å prøve å hindre at fleirtalet i kommunestyret skulle gå inn for at Bykle kommune skulle bli språkleg nøytrale.

– Det blei eit klart fleirtal for å behalde nynorsk med 10 mot tre røyster, fortel varaordførar Tor Hallvard Mosdøl (Sp), som har vore ein av dei aktive forkjemparane for å behalde nynorsk som administrasjonsspråk.

– Vi er godt nøgde med at det vi har argumentert for i Sp fekk fleirtal. Vi er også godt nøgde med at vi i Bykle har fleire politikarar som viser vilje til å snu når dei blir møtt med god argumentasjon og lokalt engasjement. Det er demokrati i praksis, held varaordføraren fram.

 

Debatt på to plan

Argumenta som har blitt nytta for at Bykle skulle halde fram med nynorsk som administrasjonsspråk har handla mykje om identitet og historie. Bykle har hatt nynorsk som administrasjonsspråk i 90 år.

– Skriftspråket i Bykle gjev oss ein mulegheit til å vere annleis enn mange andre. Det er litt for viktig i høve til den smale og grunne sakshandsaminga vi blei presenterte for i kommunestyremøtet, slår Mosdøl fast.

Det var kommunestyrerepresentant Dag Hovden (Ap) som i eit brev føreslo at Bykle kommune skulle bli språkleg nøytral og melde seg ut av LNK . Kommunen greidde ut saka og la fram forslaget om at Bykle skulle bli språknøytrale for kommunestyret i januar. Her la varaordførar Modsøl fram eit forslag om at saka skulle sendast tilbake til rådmannen for ei grundigare vurdering, men dette forslaget fekk han ikkje fleirtal for. Ordførar Jon Rolf Næss (Ap) la fram eit utsetjingsforslag om at saka skulle fremjast i neste kommunestyremøte identisk med saka i januarmøtet. Dette forslaget fekk fleirtal med ni mot fire representantar.

 

Manglande fakta

– Forslagsstillaren har ikkje gjort ein god nok jobb i sitt brev, det har heller ikkje administrasjonen gjort. Det har ikkje kome eit einaste faktatal på bordet. Det som har vore spennande i denne debatten er at han har blitt ført på to plan. Dei som ønskjer å halde på nynorsken har dokumentert for synet sitt med uttale frå Språkrådet og saklege, gode argument, medan dei som er for nøytralitet har anklaga dei som er for nynorsk for å drive med synsing. Eg opplever at det heller har vore andre vegen, seier Tor Hallvard Mosdøl.

– Det har vore veldig vanskeleg å diskutere og snakke saman i denne saka. Vi har ikkje møttest i argumentasjonen. Det har vore ei god pedagogisk øving for oss å få fram synet vårt, legg han til.

Varaordføraren trur ikkje det kjem opp ei tilsvarande sak i denne valperioden.

– Det er ein veldig god fredag, og eg skal ta helg med godt samvit. Det har vore ein travel periode kor vi har jobba aktivt for vedtaket internt i vår samarbeidskoalisjon med Ap og med andre politiske parti. Vi er glade for at tilliten mellom oss og Ap framleis er på plass og at han er det på lang sikt. Det er viktig for oss, sluttar Mosdøl.

 

Ordføraren snudde

Ordførar Jon Rolf Næss (Ap) hadde på førehand varsla at han kom til å røysta for at Bykle kommune skulle bli språkleg nøytral, med bakgrunn i tilflytting og rekruttering av fagfolk i kommunen, men snudde i saka.

– Det gjorde eg av respekt for argumenta som har kome fram dei siste vekene. Eg har forstått at målfolket knyttar identitet, historiske liner og andre verdiar til nynorsken. Argumenta er overtydande, velmeinande og reelle. Dessutan har bokmålssida glimra med sitt fråvær, uttaler Næss til Fædrelandsvennen etter kommunestyrevedtaket.

Litt malurt heller han likevel i koalisjonsbegeret:

– Eg meiner framleis at det beste for Bykle ville vore å gjere språket nøytralt, men vedtaket er inga krise for oss. Vi har klart å rekruttere dyktige medarbeidarar til nå, og skal klare det i hundre år til, seier Næss til Fædrelandsvennen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...