Heim Nyhende Hovden Resort går tilbake til bokmål

Hovden Resort går tilbake til bokmål

Hovden Resort i Bykle kommune valde for to år sidan å begynne med nynorsk i marknadsføringa av sitt tilbod, men bestemte tidleg i januar i år at dei skulle gå tilbake til bokmål.

– Vi har nå valt å gå frå å nytte nynorsk, fordi vi har mange danske gjester og dei forstår ikkje nynorsk, fortel administrerande direktør i Hovden Resort, Frank Ekman, til lnk.no.

– Dette er ein marknad vi vil auke, og på eit marknadsmøte tidleg i januar bestemte vi oss for å gå tilbake til bokmål som målform. Det vi nå legg ut på nettsida vår er på bokmål, og vi vil fram mot hausten oppdatere og endre dei andre tekstane som ligg ute, held han fram.

Då dei valde nynorsk i 2010 var det også eit medvite val.

– Det handla om identitet, seier Ekman.

I vintersesongen er rundt 30 prosent av gjestene til dei to hotella Hovden Høyfjellshotell og Hovdestøylen Hotel, 28 leilegheitene og 26 hyttene danskar. Hovden Resort tilbyr rundt 700 sengeplassar, og er ein av dei større aktørane i Fjell-Noreg.

Frank Ekman presiserer at Hovden Resort sitt val av målform ikkje har noko med debatten som nå føregår i Bykle kommune å gjere.

– Men eg ser problemet Bykle kommune når står overfor. Mange som jobbar i kommunen er utlendingar og mellom anna frå Danmark. Eg hugsar sjølv kor vanskeleg det var for meg som svenske å forstå nynorsk då eg først kom hit, seier Ekman.

I kveld skal kommunestyret i Bykle kommune avgjere om kommunen skal gå frå å nytte nynorsk som administrasjonsspråk til å bli språkleg nøytral. Les om avgjerda på lnk.no i morgon.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...