– Debatten om norskfag og sidemål har gjort våren ekstra hektisk, og det kjem til å halde fram heilt til den nye læreplanen i norsk skal vere klar neste vår. Det komande året blir difor eit språk-og skulepolitisk maratonløp, som me skal leggje eit solid grunnlag for på Voss, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.
Norskfaget blir også viktig når organisasjonen skal utarbeide nytt arbeidsprogram.
– Dårleg sidemålsopplæring og eit overfylt norskfag har vore eit gnagsår både for bokmålselevar, nynorskelevar, og nynorsk som språk. Når læreplanane no skal skrivast om, har me sjansen til å få røske skikkeleg opp i ting, i staden for berre å kunne oppnå kosmetiske endringar, seier Nygård.