Heim Nyhende Vil skapa pulserande litteraturhus over heile landet

Vil skapa pulserande litteraturhus over heile landet

Folkebiblioteka skal få støtte til fleire arrangement og til låna ut digitalt innhald.

 

Kulturminister Thorhild Widvey lanserte onsdag Nasjonal bibliotekstrategi, saman med direktør i Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.

Det blir ein ny og enklare modell for utviklingsmidlar skal utvikla biblioteka som debatt- og litteraturhus. Til saman blir det lyst ut utviklingsmidlar for 22,5 millionar kroner for siste del av 2015.

I tillegg skal fleire e-bøker og meir digitalt innhald som til dømes dataspel skal gjerast tilgjengeleg i folkebiblioteka.  Og Nasjonalbiblioteket får i oppgåve å ta seg av meir av den digitale infrastrukturen til biblioteka.

LES OGSÅ: Biblioteka har mista éin av seks brukarar

Vil forma biblioteka for eit nytt hundreår

– Regjeringa vil bidra til at folkebiblioteka vert kulturarenaer for framtida. Strategien følgjer opp auken i utviklingsmidlar frå staten, og er bidraget vårt til å stimulera det framtidsretta arbeidet som allereie blir gjort i heile landet. Biblioteka er av våre best likte og mest brukte kulturinstitusjonar. Me ønskjer pulserande bibliotek som spreier informasjon, kunnskap og kulturarv. Biblioteka er samstundes arenaer for samtale, refleksjon og danning som er tilgjengeleg for alle, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

– Denne strategien gjev oss høvet til å forma biblioteka for eit nytt hundreår. Eg ser fram til å byrja arbeidet allereie i morgon, seier direktør i Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...