Garborgsenteret og LNK søkjer no Rogaland fylkeskommune om RUP- midlar til eit toleranseprosjekt for ungdom.
I søknaden til Rogaland fylkeskommune går det fram at ein ynskjer å utfordre elevar i ungdomsskulen – og vidaregåande skule på haldningar til framande kulturar.
– Me ynskjer å skape grunnlag for å endre haldningar gjennom påfyll av kunnskap og praktisk samarbeid melom dei unge og dei arbeidssøkjande, skriv Garborgsenterert og LNK i søknaden.
Dei ser for seg to ulike RUP – prosjekt. «Det gode føredømet er sterkare enn ord (Arne Garborg)» er eit pedagogisk prosjekt som etter planen skal gjennomførast på nokre pilotskular i Rogaland. Prosjektet set fokus på språk og medievanar og stiller spørsmål som «kor skil me lag» og «kva knyter oss sman?». Målgruppa for prosjektet er elevar ved ungdomsskule og /eller vidaregåande skular.
I det andre prosjektet det vert søkt midlar til, «…ingen håplause spørsmål (Arne Garborg)» vert det lagt opp til at ungdom skal blogge på nettidskriftet Magasinett (http://www.magasinettt.no/). Blant anna vert det skissert at ikkje – norske ungdommar som bur i Noreg kan bruke denne kanalen. Magasinett har gjennom ti år vore ein viktig kanal for debatt mellom engasjerte ungdommar.