Heim Nyhende Vil styrke distriktsbutikkane

Vil styrke distriktsbutikkane

Distriktsbutikkane får i år 11 millionar kroner til kompetansetiltak av Kommunal- og regionaldepartementet. Det er ein auke på 2 millionar kroner.

Midlane blir løyvde gjennom MERKUR-programmet, eit statleg initiativ som skal styrke eksisterande sørvistilbod i grendene.

Viktig lærdom

Lesjaverk Coop vart i mars i år kåra til Årets MERKUR-butikk på Austlandet, og butikkdrivar Sørine Melgård er svært fornøgd med tiltaket.

– MERKUR har betydd veldig mykje for oss og vi lærer heile tida noko nytt, fortel Melgård. Nyleg var ho på kurs om kjøle- og fryselagring, og det er denne opplæringa i kombinasjon med det å treffe andre som driv små butikkar ho trur er styrken til programmet.

I tillegg til utviklingsmidlar på 11 millionar vil også departementet løyve 15 millionar til ei eiga investeringsstøtteordning, noko Melgård meiner gir stor gevinst til distriktsbutikkane.

Hyttefolk til butikken

– Ein god daglegvarebutikk er ein viktig føresetnad for at lokalsamfunnet skal framstå som attraktivt, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) i høve ekstraløyvingane til MERKUR.

– Mange daglegvarebutikkar er den siste viktige møtestaden i si bygd. Dei er viktige leverandørar av ulike offentlege og private tenester og tilbod som post og tipping. Det er og særs viktig at hyttefolk nyttar lokalbutikkane når dei skal gjere sine innkjøp til dømes i samband med påskeferien som no står

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...