Heim Nynorsk ressursbank Nye lærarsider hjelper lærarar å gjera skuletimen aktuell på nynorsk

Nye lærarsider hjelper lærarar å gjera skuletimen aktuell på nynorsk

No er dei nye lærarsidene til Framtidajunior.no opna.

 

Framtidajunior.no er ei gratis nynorsk nettavis for elevar på barnetrinnet. Nokre ungdomsskular bruker også nettsidene.

Det digitale nynorskløftet vart starta av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Magasinett hausten 2017, med støtte av Utdanningsdirektoratet, Kulturdepartementet, ABC Startsiden, Samlaget og fleire andre.

I løpet av under eitt år har avisa publisert 900 artiklar med nyhende, fakta, kultur, debattinnlegg og mykje anna spennande. I tillegg har Framtidajunior.no kvissar, aktuelle avstemmingar, videoar og andre aktivitetar for elevane. Allereie har nettstaden fått over 60.000 brukarar, og talet er aukande.

Fredag vart lærarsidene lanserte.

På lærarsidene finn du allereie 22 undervisingsopplegg tilpassa ulike klassetrinn og fag. Undervisingsopplegga er laga av Nynorsksenteret og Framtidajunior.no-redaksjonen. Fleire opplegg kjem etter kvart.

Gå til Framtidajunior.no/laerarar og sjå dei nye lærarsidene!

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...