Heim Nyhende Frå nederlandsk til nynorsk

Frå nederlandsk til nynorsk

For knappe fire år sidan kom det nederlandske ekteparet Roskam til Ytre Sogn. Det tok ikkje lang tid før dei vart lokka med på Nynorske litteraturdagar.

– Eg spurte dei i fjor òg, men då hadde dei ikkje tid, seier Oddbjørg Stølen og hikstar ein hes latter medan ho ser på venninna i sofaen attmed seg.

– No vart vi endeleg med, og vi har verkeleg storkost oss med bøkene, kulturen og sceneshowet, repliserer nederlandske Yvonne Roskam. Oddbjørg og Yvonne vart kjende med kvarandre då dei byrja å arbeide i lag, ei lita stund etter at ekteparet Roskam først kom til Sogn. No er dei vortne gode venninner, og latteren sit laust i veggane. Saman har dei teke turen for å få med seg jubileumsåret for nynorske litteraturdagar.

– Det er verkeleg eit flott arrangement, med eitt breitt kulturtilbod, seier Yvonne og ektemannen Cornelius.

Forstod komikaren

Sjølv om ekteparet frå Nederland byrjar å få taket på språket etter fire år i landet, får dei ikkje alltid med seg alt om det går fort for seg på dialekt. Men då humorkongen frå Fjordane, Roy Aron Myklebust, stod på scena, forstod dei nærast absolutt alt. Frå sofaen i lokalet der Myklebust hausta enorme latterkuler og trampeklapp, kan gjengen frå ytre Sogn skimte helten sjølv, der han står og ryddar opp etter showet.

– Vi må berre ta bilete av han med ein gong. Han var jo heilt genial, fniser nederlandske Yvonne Roskam og peiker på komikaren.

Komikaren avslår ikkje fotoførespurnaden, og saman får dei foreviga seg med komikaren dei verkeleg forstod seg på.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...