Heim Nyhende 5-åring håpar på langt liv

5-åring håpar på langt liv

Fem år har gått sidan dei fyrste Nynorske litteraturdagar vart arrangert. Prosjektleiar Arve Tokvam håpar festivalen i alle fall rekk å verte ti.

Jubilanten har opplevd oppturar og nedturar sidan han såg fyrste dagslyset i 2006, og prosjektleiar Tokvam kan innrømme at det ikkje alltid har vore like enkelt å vere med på å gje liv til eit nytt kulturtiltak i ein liten kommune som Aurland. Det som byrja med eit initiativ frå den litteratur- og kulturinteresserte ordføraren, Olav J. Ellingsen, og den tidlegare assisterande rådmannen, Claus Røynesdal, har blitt ein suksessrik femåring som har gjeve mange attraktive kulturtilbod i løpet av si relativt korte levetid.

Jamnare vitjingstal

No håpar Tokvam verkeleg at festivalen har klart å syne seg frå den riktige sida; nemleg som ein festival der ulike uttrykksformar smeltar saman, utfyller kvarandre og formar ein heilskap med språk, litteratur, kunst og musikk.

– Totalt sett har litteraturdagane i år gått knirkefritt for seg. Vi har ikkje hatt stappfulle arrangement, men jamnare vitjingstal enn i fjor, og vi har berre fått positive tilbakemeldingar frå forlag, publikum og forfattarar. Så vi er sjølvsagt kjempenøgde med utfallet av festivalen dette året, seier Tokvam. Vitjingstala for dei einskilde arrangementa og for heile festivalen er enno ikkje klare, men Tokvam meiner at økonomien foreløpig ser bra ut.

Stort ynskje

I år som aldri før har festivalen verkeleg satsa på mangfald. Fire unge kunstnarar har halde utstillinga «Arven etter Vinjum» i galleri Vinjum i samband med festivalen, og barnearrangementet der små kokkar kunne få utforske matlagingskunsten, drog fleire små og store enn tidlegare. Og sjølv om det skal mykje til for å toppe knallsuksessen sist år, meiner Tokvam at han har grunn til å sjå seg endå litt meir nøgd med 2010-versjonen av litteraturdagane.

– Det var ein heilt annan kvalitet over programmet i år, meiner han.

No sit Tokvam att med eitt stort ynskje. Det går ut på at Nynorske litteraturdagar skal leve i alle fall fem år til. Per i dag er det Norsk Kulturråd, Aurland kommune og fylkeskommunen som gjev tilskot til festivalen, medan Aurland sparebank er hovudsponsor, men Tokvam vil gjerne ha fleire med på laget.

– Me er avhengige av at kommunen og andre støttespelarar er med på å støtte oss vidare, seier han.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...