Heim Nyhende Læremiddel på nynorsk

Læremiddel på nynorsk

No er det kome ei nettbasert oversikt over nynorsk læremateriell for vaksne minoritetsspråklege. 

Oversikta finst på heimesidene til Nynorsksenteret i Volda, og her finn ein forslag til læreverk for elevar med og utan skulebakgrunn og lærebøker for utanlandske studentar.

Lista er blitt utarbeidd for ei ressursgruppe nedsett av Vox, nasjonalt
fagorgan for kompetansepolitikk. Gruppa har fått i oppgåve å sjå på kva læremiddel som finst på nynorsk for minoritetsspråklege vaksne og ikkje minst sjå kva det trengst meir av.

Arild Torvund Olsen frå Nynorsksenteret sit i gruppa som har fått denne lista utarbeidd. Han seier det no finst fleire læreverk i norsk for vaksenundervinsinga, i tillegg til at det er mange einskilde bøker som fyller ut andre fagområde. Men enno er det mykje ein kan ønskje seg for å få eit godt tilbod av læremiddel for vaksne.

– På Nynorsksenteret ønskjer vi til dømes å sjå meir på arbeidsretta tekstar, altså tekstar som vaksne vil ha bruk for å lese eller skrive i yrkeslivet, seier Torvund Olsen.

Gruppa som arbeider saman med Vox består av folk frå LNK, Ulstein kompetansesenter, Nynorsksenteret og lærarar frå Gloppen og Førde kommunar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...