Heim Nyhende Maria Parr blir omsett til kinesisk

Maria Parr blir omsett til kinesisk

Stadig fleire land får auga opp for barnebokforfattaren Maria Parr. No skal dei kritikarroste bøkene hennar også omsetjast til kinesisk.

– Det morosame var at det ikkje berre var eitt, men fleire kinesiske forlag som ønskte å omsetja bøkene hennar. Forlaga konkurrerte faktisk om å kjøpa omsetjarrettane, seier barnebokredaktør Ragnfrid Trohaug i Det Norske Samlaget til Nynorsk pressekontor.

Romanen Vaffelhjarte er tidlegare selt til ni land og romanen Tonje Glimmerdal til seks. Trohaug fortel at dei fleste landa kjøper rettane utan dei norske illustrasjonane, fordi dei ønskjer å illustrera bøkene på sin eigen måte. Med kinesarane er det annleis.

– Kinesarane ønskte at uttrykket skulle vera det same og ville ha både teksten og dei norske illustrasjonane. I tillegg til ein norsk barnebokforfattar får vi dermed eksportert to illustratørar. Det synest vil er veldig stas, seier barnebokredaktøren.

Etter bokmessa i Frankfurt i haust har også fleire andre asiatiske land vist interesse for bøkene til Maria Parr, mellom anna Korea og Taiwan. Japan har alt kjøpt rettane til å omsetja dei populære barnebøkene. Ragnfrid Trohaug meiner det på nytt stadfestar dei universelle kvalitetane ved bøkene til Maria Parr.

– Bøkene hennar er både særmerkte, eigenarta og eksotiske samtidig som dei inneheld universelle problem og verdiar. Det trur eg er suksessformelen til Maria Parr, seier Ragnfrid Trohaug som gler seg på vegner av forfattaren.

Sjølv reiser Maria Parr i byrjinga av desember til Moskva for å lansera Tonje Glimmerdal på russisk. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...