Heim Nyhende Vernar om kulturarven

Vernar om kulturarven

Saueskinnsfellar er tufta på eldgamle tradisjonar som blir haldne i hevd av lokale skinnfellmakarar. Fellane har no blitt populære dyner og sengetepper hjå folk på Gol.

Folk lurar ofte på om skinnfellen klør når du skal ha han på kroppen, men det gjer han ikkje, forklarar skinnfellmakar Tiffany Foss Fagan i Gol. Snarare tvert om, saueskinnsfellar har dei same gode eigenskapane som helsetrøyer: Fordi luft får rom mellom håra, vil fellen syte for at du held på kroppstemperaturen din anten det er pluss- eller minusgrader rundt deg. Slik sett er saueskinnsfellen svært godt eigna som dyne. For sjuke folk kan fellen vere eigna som liggjeunderlag og kan motverke liggesår.

Tiffany Foss Fagan har no jobba som skinnfellmakar i sju år. Ho kom til bedrifta i Gol som lærling og gjekk i skule hjå Li Simon Dahl, som blir skildra som ein guru på området. Li Simon Dahl og ektemannen Vult Simon tok fatt i den gamle og utdøydde skinnfelltradisjonen då dei kom til Hemsedal for ca. 60 år sidan. Der bygde dei opp den kjende Skinnfellgarden. For 10 år sidan starta Li Simon og Tiffanys onkel, Runar Foss, Skinnfellmakern ANS på Gol, der Tiffany og onkel Runar no arbeidar saman og fører den gamle tradisjonen vidare.

Handsaum

– Store skinnfellar er hovudproduktet vårt. Vi lagar òg jakker og hovudplagg i saueskinn som er utsmykka med trykkblokkmønster.

For å lage ei dyne trengst det mellom fire og ti lausskinn som blir sydde saman til eitt stort. All saum blir gjort for hand, og etterpå blir fellen dekorert med skinnfellroser. Her blir det brukt kopiar av gamle originalstempel, og det er ikkje tilfeldig kva ein fell blir dekorert med, fortel Tiffany Foss Fagan.

– Her er mykje symbolikk. Bordane rundt fellen symboliserer vatn, medan det midt i fellen skal vere ei sol. Sol og vatn saman blir som kjent liv. Symbola er ofte brukte i norrøn mytologi.

Lokale dyr

Skinnet dei lagar feller av, kjem frå lokale dyr av rasen Gamalnorsk spælsau. Skinnfellmakarane hentar dyr frå lokale besetningar i Hallingdal, og alle dyra kjem frå utegåande besetningar. Dyra blir slakta i Gol og skinna preparerte hjå ulike leverandørar utanfor Hallingdal. Skinnfellmakarane får fellane tilbake ferdig garva og klare til trykk og saum.

– Vi får berre økologisk garva skinn, og det betyr mykje for oss. Då kjenner vi oss trygge på at det ikkje finst giftstoff i skinna.

Hundre år

Ein saueskinnsfell bør kunne vare i hundre år. Foss Fagan viser til ein fell ho eig, som er datert 1852, men som framleis er fin både i skinn og i trykkfarge. Før bruka ein oresaft og blod til farging, men no blir det brukt syntetiske fargar som tåler sollys, bruk og reins.

– Det er viktig for oss å gjere dette på gamlemåten og slik halde tradisjonane i hevd. Derfor bruker vi trykkblokker som er tufta på dei gamle, og all saum er gjort for hand. På dette viset kan eg få gje mitt bidrag til å halde i hevd ein svært gamal kulturarv, seier skinnfellmakar Tiffany Foss Fagan.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...