Heim Nyhende Vil vurdere vedtak i Askøy

Vil vurdere vedtak i Askøy


Bokmålsforbundet ber Fylkesmannen i Hordaland vurdere om skulemålsvalet i Askøy er gjennomført på lovleg vis.

Ved valet som vart halde i Askøy kommune hausten 2010 stemde 265 personar for å halde på nynorsken ved Træet skule og Fauskanger barne- og ungdomsskule, medan 189 stemde for bokmål som opplæringsspråk. Valdeltakinga var på 28 prosent.

No meiner Bokmålsforbundet det er ein reell sjanse for at bokmålsstemmene var i fleirtal ved Fauskanger barne- og ungdomsskole. Men sidan aller førehandsstemmene hamna i ei felles urne, får ein ikkje ut resultatet for kvar einskild skule. Førehandsstemmene utgjer omlag ti prosent av alle stemmene.

– Politikarane hadde sagt på førehand at dei ville følgje folkeviljen i saken, seier leiar Arne Waage i Bokmålsforbundet til Askøyværingen.

No bed Bokmålsforbundet Fylkesmannen om å vurdere kor lovleg vedtaket politikarane fatta er. Viss vedtaket blir underkjent, ser forbundet for seg eit nytt val i samband med kommunevalet til hausten.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...