Heim Innspel Språkrådet: "Lagret lengst – verdt å vente på"

Språkrådet: «Lagret lengst – verdt å vente på»

«Lagret lengst – verdt å vente på» heiter det i ein reklametekst for eit velrenommert bryggeri. Mest som Språkrådet. Kulturstatsråden har nyss oppnemnt eit nytt styre for rådet som i ein periode no har vore utan både direktør og styre.

Den første store oppgåva for styreleiar Ottar Grepstad og resten av styret vil vera å få på plass ein ny administrativ leiar. Sylfest Lomheim har vore ein sterk og profilert leiar gjennom seks og eit halvt år, og det skal godt gjerast å finna hans like. Men det er ikkje sikkert at det er hans like Språkrådet treng denne gongen. Ein god leiar evnar å finna personar med kompetanse og stil som utfyller eigne eigenskapar, og her er det mange ressursar å spela på, både i og utanfor Språkrådet.

Dette hastar. Etter at stortingsmelding nr. 35 (2007–2008), Mål og meining, gav Språkrådet og Kulturdepartementet eit overordna, sektorovergripande ansvar for å forvalta «ein heilskapleg norsk språkpolitikk», står Språkrådet framfor store oppgåver og eit enormt forventningspress. Rådet har nok ikkje noko sterkt ønske om å stå fram som eit superdirektorat, men det skal mykje godt informasjonsarbeid til for at det ikkje blir slik …

I vinter sender Språkrådet, i samarbeid med Nynorsk kultursentrum og Landssamanslutninga av nynorskkommunar, ut eit spørjeskjema til ein del norske kommunar. Målet er å kartleggja haldningar til språk. For oss som har kommunebriller på, er det gledeleg at Språkrådet no tek på seg eit fagleg ansvar også for dette forvaltningsnivået.

Kven som har ansvar for språket i ein kommune, er ikkje opplagt. Sjølvsagt har rådmannen per definisjon ansvar for alt som skjer, men kva etat har det faglege ansvaret for språk? Er det skulekontor, kulturkontor, rådmannskontor eller kanskje biblioteket? I nokre få kommunar er dette definert i det kommunale planverket eller i delegasjonsregelverket, men desse kommunane hører til unnataka. Her trengst ein innsats, mellom anna frå Språkrådet.

I språkmeldinga står det lista opp godt over 100 meir og mindre konkrete tiltak som skal gjennomførast for å vitalisera norsk språk. Fleire av desse oppgåvene er formidable. Kulturdepartementet har det overordna ansvaret for at oppgåvene blir løyste, men det er Språkrådet som er utøvande organ og skal gjera jobben.

Norsk Språknemnd vart skipa i 1952. Seinare har nemnda, Norsk Språkråd og Språkrådet traska lenge langs dårlege vegar med avgrensa utsikt, for ikkje å seia utsikter. Med nytt styre, ny direktør og nye omfattande og viktige ansvarsområde kjem dei no til eit vegskilje. Rådet har vore lagra lenge, men me trur det har vore verdt å venta på.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...