Heim Nyhende Lagar reservat for bygdedyret

Lagar reservat for bygdedyret

No skal bygdedyret få pensjonere seg, i alle fall i Hjelmås. Viss humørbonde Geir Styve får det som han vil, opnar landets truleg første innhegning for bygdedyr i mai.

– Eg har søkt kommunen om å få bygge eit reservat kor bygdedyret kan trekkje seg tilbake, fortel Styve. Bakgrunnen er at heimbygda hans, Hjelmås, har etablert seg som 5915 Humørbygda. Og med humørbygd, humørturløyper og humørfestival i bygda, kor blir det då plass til bygdedyret, funderer Styve.

Han har no søkt Lindås kommune om å få bruke 50m2 jord til dette reservatet, og saka er kome inn i kommuneplanen som er på høyring i desse dagar. Så stor har den kommunale velviljen vore at Styve har fått tildelt dobbelt så mykje jord som han bad om. Det har vore ei grundig konsekvensutgreiing undervegs, og på plankartet blir no reservatet merka som kulturminne.

– Vi håper at reservatet skal bli eit minne om bygdedyret som ein gong fanst, seier Styve.

Han er overtydd om at bygdedyret framleis lever blant oss, meir enn 50 år etter at diktaren Tor Jonsson gav Janteloven ei kledning i form av eit “bygdedyr”.  Poenget med reservatet blir å gjere folk bevisste på bygdedyrets vesen og gjerne ta avstand frå både det og Janteloven.

– Vi skal ha sutrebenk, protestmateriell og ein miniatyrsytebane, fortel Styve om planane framover.  – Ferdige plakatar som folk kan ta til viss dei vil, kor det kanskje står “Pøh”, “Det går aldri” eller kanskje “Ordføraren er dum”. Kanskje greier vi å finne oss eit naturtalent av ein sytebas til sytebanen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...