Heim Nyhende Navarsete vurderte aldri å trekkja seg

Navarsete vurderte aldri å trekkja seg

Det var aldri aktuelt å trekkja seg, seier Liv Signe Navarsete om den tunge tida til Senterpartiet det siste året.

Gåvesaka, ulovleg partistøtte og målingar under sperregrensa er mellom sakene som har ridd partiet det siste året.

 – Det har vore tøft å stå i dei stormane som har vore, og svara for det partiet må svara for uavhengig av mi eiga involvering i prosessane. Som leiar er eg ansvarleg for alt, og det ansvaret har eg teke, seier Navarsete til Bergens Tidende.

Men det var aldri aktuelt å trekkja seg, slik mange spekulerte i.

– Eg har heile tida tenkt på kva som er det beste for partiet. Å kasta partiet ut i ein leiarkamp i tillegg til alle andre kampar, hadde absolutt ikkje vore det beste for partiet. Difor har eg teke ansvar, seier Navarsete.

Ho har takla verre kriser personleg tidlegare. I 1992 blei ho enkje med to små barn.

– Når du møter motgang blir du anten knekt eller sterkare. Uansett kor viktig både partiet og det å vere statsråd er, så blir det sett i perspektiv i forhold til å oppleva den krisa det er å mista nokon nær deg. Eg trur det er éin av grunnane til at eg klarer å halda meg roleg, seier Navarsete.

På det komande landsmøtet vil den nye olje- og energiministeren Ola Borten Moe bli valt til ny nestleiar. Navarsete legg ikkje skjul på at dei ikkje er einige om alt.

– Men forholdet vårt er veldig godt, trass det inntrykket enkelte media har hatt lyst til å skapa. Noko av det eg synest har vore mest trist, er dei løgnaktige påstandane om at eg verken vil ha Marit Arnstad eller Ola Borten Moe opp og fram, seier Navarsete. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...