Heim Nyhende Ungdommar vil bli spurde

Ungdommar vil bli spurde

36 norske jenter og gutar mellom 14 og 18 år meiner lokalavisa spør dei for lite i saker som gjeld ungdommar.

 

Dette kjem fram i ei undersøking som LLA (Landslaget for lokalaviser) har gjort i samband med Ung & engasjert-prosjektet. Ungdommane som tok del i undersøkinga, kjem frå Etne, Egersund, Kvinnherad, Svolvær og Nittedal.

Ungdommane som var med i undersøkinga, peikar vidare på at det ofte er dei same, helst menn, som blir intervjua. Elles etterlyser ungdommane teikneseriar for unge, eigne vêrspalter, sprekare avisdesign, eigne ungportrett og ei meir gjennomtenkt sisteside.

Ungdommane i undersøkinga vil helst ikkje sjå svart-kvitt-bilete i avisene, saker med slike bilete les dei ikkje.

«Fire- og fem i farten» er ei type spalte ungdommane synest det er kjekt å lese, og aviser som nyttar dette, får ros av tenåringsgruppa. Få av ungdommane finn lokalavisene sine nettstader særleg interessante. Dei saknar at desse nettstadene blir oppdaterte litt oftare.

– Det er ikkje tvil om at storparten av dei som er intervjua, føretrekkjer å lesa papiravisa. Dei trur også at det vil bli slik i framtida. Det er noko eige å bla gjennom lokalavisa på papir, meiner dei, seier redaktør for undersøkinga, Tomas Bruvik, i rapporten.

Lokalaviser som er nemnde i rapporten er Grannar, Gjesdalbuen, Våganavisa, SortlandsAvisa, Dalane Tidende, Varingen og Sunnhordland. Alle desse avisene har anten ein eigen ungdomsredaksjon, eller dei satsar aktivt på å skrive for ungdom.

Redaktør i Grannar, Arne Frøkedal, meiner ungdomsredaksjonen dei fekk i sving sist haust, skapar ein vinn-vinn-situasjon for både skule og avis. Grannar samarbeider med Etne vidaregåande skole om ungdomsredaksjonen.

Årsaka til at lokalavisa valde å satse på ein eigen ungdomsredaksjon har med Ung & engasjert-prosjektet, som Grannar er med i, å gjere.

– Ung & engasjert har vore med og inspirert oss til å dra i gang redaksjonen. Vi er med dette blitt meir bevisste på ein ung profil i avisa, fortel Arne Frøkedal.

På Stord har avisa Sunnhordland hatt ungdomsredaksjon i fleire år. Gjennom eit samarbeid med medialinja på den vidaregåande skulen rekrutterer avisa medarbeidarar til ung-redaksjonen.

– Samarbeidet med skulen er eit veldig pluss for oss, og eg håpar vi kan få eit endå tettare samarbeid i åra som kjem, seier Sunnhordland-redaktør Magne Kydland i rapporten.

Stord-ungdommane som er med i ungdomsredaksjonen er nøgde med måten stoffet deira blir presentert på. Dei er samde om at det er viktigast at det dei skriv blir presentert i papiravisa.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...