Heim Nyhende For enkelt med fordjupning?

For enkelt med fordjupning?

Både elevar og lærarar i ungdomsskulen er lite motiverte for fordjupningsfaga, kjem det fram i ein rapport som er utarbeidd for NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring).

Mange elevar i ungdomsskulen vel fordjupning i norsk, engelsk eller samisk i staden for å lære seg eit framand språk.

I ei undersøking forskarane Marianne Dæhlen og Anders Bakken har gjort kjem det fram at det er først og framst skulesvake elevar med låg motivasjon som vel fordjupningsfag og at skuleleiarar oppfattar faget meir som eit forenklingsfag enn eit fordjupningsfag.

Valordninga i ungdomsskulen i dag er slik at elevane kan velje om dei vil lære seg eit nytt språk (tysk, fransk, spansk eller eit anna framandspråk), eller dei kan velje å fordjupe seg i eit språk dei allereie kjenner.

– Felles for fordjupningsfaga er at dei hovudsakleg rekrutterer dei fagleg svakaste elevane i skulen. At nesten ingen av dei som får dei beste karakterane vel alternativa for fordjupning, viser at faget har spesielt låg status blant elevane, seier Anders Bakken på nettsidene til NOVA.

Det er ikkje berre blant elevane fordjupningsfaga har låg status. Skuleleiarane som blir spurde i undersøkinga fortel at lærarane som blir sette inn på fordjupningsfaga er spåkkompetente, men at også lærarane har låg motivasjon og begrensa interesse for faget.

– Inntrykket er at sjølv om mange skuleleiarar har opplevd at det er vanskeleg å rekruttere motiverte lærarar, har lærarane blitt meir positivt innstilte til fordjupningsfaga etter kvart som lærebøker og læreplan har kome på plass, fortel Anders Bakken.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...