Norsk kulturråd har løyvd i overkant av 1,7 millionar kroner til arbeidet med å byggje om det gamle badet på smelteverkstomta i Odda i Hordaland til bruk for litteratur og kulturføremål.
Tilskotet skal gå til ei innvendig opprusting av bygget.
– Kulturrådet ønskjer å bidra til etablering av arenaen fordi han er forankra i eit levande litteratur- og forfattarmiljø. Dessutan har han eit interessant fagleg fokus i skjæringspunktet mellom litteratur, samfunnsspørsmål og industri, seier rådsleiar Bentein Baardson i ei pressemelding frå Kulturrådet.
Smelteverket i Odda representerer norsk industrihistorie. Sentralbadet er eit jugendinspirert garderobebygg frå 1908. Arkitekt Gro Lavold sine planar for ombygginga vil ivareta bygget sin karakter og detaljar.
– Her vil industrihistorisk viktig bygningsmasse få ny bruk og bli gjort om til ein levande møtestad for kultur. Og Kulturrådet legg også vekt på at arenaen skal utviklast i nært samarbeid med biblioteket og ulike miljø lokalt og regionalt, seier Baardson.
Odda har gjennom lang tid satsa på litteratur. Industritettstaden har fostra forfattarar og skribentar som Marit Eikemo, Frode Grytten, Lars Ove Seljestad, Hallgeir Opedal og Bjørn Ingvaldsen. Forfattarane peikar gjerne på Odda bibliotek og dei sterke bibliotekssjefane der gjennom tidene som eit viktig utgangspunkt for at deira litteraturinteresse blei vekt.
Biblioteket var også blant initiativtakarane til Litteratursymposiet, som blei etablert i 2002.
– Litteratursymposiet har utvikla seg til å bli ein viktig litteraturfestival. Sentralbadet litteraturhus vil gi symposiet fast base og ein god arena, og gir dessutan høve til utvikling av nye litteraturprosjekt, sluttar Baardson.
I tillegg til å huse Litteratursymposiet skal bygget bli fylt med ulike brukarar og leigetakarar, bokhandel, minibibliotek, kafé, arbeidsplassar og møte- og konferanserom.
Les også kva Bergens Tidende skriv om smelteverkstomta.