Heim Nyhende «Dokker» inn i nynorsknorma

«Dokker» inn i nynorsknorma

Pronomenet dokker blir jamstilt med de/dykk i nynorsk, mens delar av vestlandspreget står fast i det endelege framlegget til ny nynorsknorm.

 

Leiaren i rettskrivingsnemnda, Grete Riise, overleverte fredag den endelege innstillinga frå nemnda til styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet.

 

– Det viktigaste eg kan seie no, er at vi trur vi gjennom dette året har fått alle synspunkt som gjeld nynorsknorma, på bordet, sa Grete Riise under overleveringa.

– Meiningane er svært motsette, og det har dei også vore i nemnda. Vi er ikkje einige på alle punkt, alle har tapt noko i diskusjonen. Vi håper at vi treffer dei breie lag av nynorskbrukarar, det som er ein slags midtlinjenynorsk, og at dei fleste av oss ikkje må endre på store ting frå neste år.

Etter høringa har nemnda valt å ta inn pronomenet dokker som jamstilt til de og dykk, i tråd med eit framlegg frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen.

Samtidig blir det framleis lov å bruke kløyvd infinitiv og forma skole, som rettskrivingsnemnda før høringa foreslo å stryke. Men «noe», «bare», «mye», «muleg» og «hennes» blir det ikkje noko av. Nemnda held fast at det berre skal heite «noko», «berre», «mykje», «mog(e)leg» og «hennar».

Det meste står

Det aller meste har fått stå slik det stod i det opphavlege framlegget til nemnda. Det betyr at diftongord som køyre og draum frå neste år blir eineformer i nynorsk, mens i-former som soli og bygdi blir historie, i alle fall i offisiell språkbruk.

Saman med spørsmålet om kløyvd infinitiv var i-målet og valfrie former som køyre/kjøre blant dei spørsmåla som mange tok opp i høringsrunden i februar. Mange meinte der at ordformer som kjøre og drømme ikkje bør vere godkjent i nynorsk, mens minst like mange gav uttrykk for at det ville vere eit tap for nynorsken om dei blir strokne, og at det var ei favorisering av vestlandsdialektane.

Men nemndleiar Grete Riise meiner nemnda har godt grunnlag for å ta bort både kjøre og trøtt og andre bokmålslike former.

– Når vi tør å gjere det, er det også fordi vi har eit rikt skriftleg materiale, som viser kva som er standard nynorsk. Dermed har vi kunna ta bort det som er minst brukt., seier ho.

Uvanleg prosess

Med overleveringa av innstillinga har Riise sett punktum for ein uvanleg prosess, der publikum har hatt innsyn og høve til å seie sitt i alle fasar av arbeidet. Det meiner styreleiar Ottar Grepstad har vore eit skoleeksempel på korleis vanskelege spørsmål kan handterast for å vinne tilslutning.

– Prosessen har vore open og demokratisk, alle synspunkt har komme fram, og alle som ville, kunne delta i debatten undervegs, seier Grepstad.

Han har fortalt kulturminister Anniken Huitfeldt at departementet får ein lett jobb med godkjenninga når ho får innstillinga til behandling.

– Ho kan gle seg til å få ei enkel sak på bordet, seier styreleiaren.

– Det bør vere lett for styret i Språkrådet å behandle denne saka, og det bør vere enda lettare for departementet å ta den endelege avgjerda.

Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon skal no først seie sitt om normframlegget og skal leggje fram ei tilråding for styret innan 20. mai. Kulturdepartementet gjer det endelege vedtaket. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...