Heim Nyhende Trur på haldningsarbeid

Trur på haldningsarbeid

Den nye direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, meiner ei av dei største utfordringane for nynorsken er dei sterke negative haldningane i nokre urbane bokmålsmiljø.

Vonen tek til i direktørjobben i løpet av våren, men har allereie gjort seg opp ei meining om kva som blir Språkrådet si største oppgåve framover.

– Å vise i praksis at Stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) legg eit godt grunnlag for ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Det vil seie at dei tradisjonelle språkpolitiske oppgåvene, som vesentleg er knytte til dei ulike variantane av det norske språket, skal opplevast å inngå i eit heile med dei nyare oppgåvene, som handlar meir om tilhøva mellom norsk og andre språk: engelsk, svensk og dansk, og dei ulike minoritetsspråka. Det nye ansvaret Språkrådet har fått for dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk, er òg viktig og må også sjåast i den same heilskapen, slår han fast.

Han påpeikar at han må gjere seg kjent med medarbeidarane og Språkrådet som organisasjon før han stakar ut ein vidare kurs i arbeidet.

Audmjuk direktør

– Korleis skal du no skape ro i Språkrådet, der leitinga etter ny direktør har vore lang og krevjande?

– Sjølv om eg har registrert at det har vore noko uro i den prosessen, har eg ikkje inntrykk av at eg kjem til eit språkråd prega av uro. Eg ser fram til å bli kjend med medarbeidarane, styret og fagråda, og så tar vi det derfrå.

Og han er audmjuk over å setje seg i direktørstolen etter Sylfest Lomheim.

– Eg er audmjuk når eg tenkjer på kor flink han har vore til å profilere både Språkrådet og språk generelt i ålmenta. Eg har ikkje nokon ambisjon om å freiste å kopiere han på det punktet. Også for meg blir profileringsarbeid viktig, men kva former det skal få, skal eg drøfte med medarbeidarane mine.

Språkrådet er no i innspurten av normeringsarbeidet. Vonen meiner dette har vore ein viktig prosess, som han likevel vil vente med å kommentere til han har byrja i stillinga som direktør.

Språkleg likestilling

– Er du sjølv eit nynorskmenneske?

– Dersom eit nynorskmenneske er ein som brukar nynorsk til vanleg, så er eg ikkje det. Bokmål har alltid vore hovudmålet mitt. Men eg likar nynorsk godt og er glad kvar gong eg får ein e-post på nynorsk på jobben på universitetet, slik at eg kan få praktisert nynorsken min i svaret. Eg lagar dessutan sjølv eksamensoppgåvene til studentane mine på begge målformer.

– Kva trur du om framtida til nynorsken?

– Eg trur at samlivet mellom dei to målformene våre er med på å gje det norske språksamfunnet ein spesiell identitet som vi skal vere stolte av. Alle dei lokalpolitiske vala mellom målformene tener som påminningar om at språk ikkje er noko nøytralt som berre er der uavhengig av oss språkbrukarane, men at vi er med på å velje den språklege røynda vi lever i. Derfor meiner eg at vi må stå på for å styrkje nynorsken gjennom språkleg likestillingsarbeid. Det er stor politisk semje om dette målet, og eg er optimistisk i arbeidet for å nå det.

Vidare trur han haldningsarbeid kan styrkje nynorsken, og at tilsynet med mållova blir viktig framover.

Språket engasjerer

Den nye språkdirektøren er overbevist om at språk engasjerer mange, ikkje minst sidan språket er alle stadar i livet, som han seier.

– Det er den viktigaste reiskapen vi har til å leve liva våre som sosiale vesen, det vil seie til å kommunisere. Og samstundes er det den fremste identitetsmarkøren vår – vi viser verda kven vi er, med språket vårt, og vi gjer oss tankar om kven dei rundt oss er, ut frå språket deira. Språk ligg til grunn for våre enklaste samvær med kvarandre og for våre mest sofistikerte kulturuttrykk. Det skulle berre mangle om vi ikkje var opptekne av det.

Han er i tillegg oppteken av at norsk språk er under stadig press av engelsk, og han meiner dei miljøa som står i fare for å gå over til å bruke engelsk på område der det kanskje ikkje er naudsynt, sjølve må få innsjå kva dei kan tape på gjere det.

– Generelt har eg tru på dialogisk framferd, seier han.

– Har du eit yndlingsord?

– Eigentleg ikkje. Eg kosar meg med mange ord i mange språk. Det er til dømes eit teikn i norsk teiknspråk som eg likar godt fordi eg ikkje klarer å forstå kva funksjon det har i språket. Men du vil kanskje ha eit norsk ord. Eg er blitt skulda for å vere «forholdsmeister» fordi eg er blitt teken i å seie «i forhold til» i ein samanheng der mange meiner ein burde velje ei anna formulering. Så kanskje eg er litt (for) glad i det uttrykket.

Vonen har sidan 1997 vore professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Her har han også vore instituttleiar. I 2005 var han medlem av ei arbeidsgruppe som greidde ut norskfaget på oppdrag frå utdanningsministeren.

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...