Heim Nyhende Norsk Barneblad med jubileumsbok

Norsk Barneblad med jubileumsbok

Neste år fyller Norsk Barneblad 125 år. Det blir mellom anna markert med ei eiga jubileumsbok.

– Vi synest det var viktig å få laga ei slik bok. Sjølv om vi har funnest i 125 år har det aldri tidlegare har vore laga noko samla oversikt over kva Norsk Barneblad er og kva bladet har drive med, seier redaktør Nana Rise-Lynum til Nynorsk pressekontor.

 

Fleire andre synest også ideen er god. Fritt Ord har løyvt 100.000 kroner til prosjektet, medan Norsk kulturråd støttar jubileumsboka med 70.000 kroner.

Eirik Helleve på Voss har fått oppdraget med å skriva boka. Han er alt godt i gang med arbeidet.

Nana Rise-Lynum fortel at boka både kjem til å innhalda ei historisk oversikt om historia til Norsk Barneblad, portrett av dei viktigaste redaktørane og døme på innhaldet.

– Boka blir sjølvsagt også rikt illustrert. Her er det mykje å ta av, seier Barneblad-redaktøren som understrekar teikneseriane i bladet sjølvsagt får ein velfortent plass.

Ho seier boka først og fremst blir ei bok for vaksne, men at ho også kjem til å innehalda stoff som er morosamt å lesa for barn. (©NPK)

Førre artikkelTrur på haldningsarbeid
Neste artikkelPå toppen

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...