Heim Nyhende På toppen

På toppen

For meg er det viktig at nynorsk ikkje vert eit mål til bruk berre i poesi og 17-maitalar, seier Astrid Myran Aarvik (57). No er ho innstilt som ny styreleiar i LNK.

Opphavleg er ho frå Vinje i Telemark. Det kan ein framleis høyre. – Eg har budd utanfor Vinje i 45 år, og snakkar slik dei gjorde der på 60-talet. Eg har ikkje fått med meg endringane som naturleg endrar ein dialekt over tid.

Men språket og nynorsken er framleis viktige for henne. På landstinget til LNK i april blir Astrid Myran Aarvik truleg vald til ny styreleiar i språkorganisasjonen, noko ho sjølv meiner er ei ære.

–Eg ser det som ei ære å bli spurt om å stille som leiar i ein så viktig organisasjon. Jan Magne Dahle har gjort ein svært god jobb som leiar, og det blir utfordrande å ta over etter han, seier ho bestemt. LNK er uansett ein organisasjon ho kjenner godt sidan ho dei siste åra har vore nestleiar der.

Det kan sjå ut som at kulturleiaren i Lærdal kommune verken syter med store oppgåver eller lange vegar. Til dagleg er ho vekependlar mellom Askøy i Hordaland og Lærdal i Sogn og Fjordane.

– Eg køyrer heimanfrå grytidleg måndag morgon og set kursen vestover att til helga. No ser eg fram til vår og turre vegar. Det har vore mange tøffe turar på is og snøføre i vinter.

– Men eg er privilegert som arbeider med kultur. Svært få dagar er like, og oppgåvene er spanande og varierte.

Til kulturleiarjobben høyrer kunst, kino, teater, bibliotek, lag og organisasjonar, og i tillegg ungdomsklubb, kulturvern og Lærdalsmarknaden.

Svært få dagar går forbi som grå og kjedelege, slår ho fast.

No framover er opninga av Sogn Kunstsenter den største oppgåva. Lærdal kommune fekk i 1994 ei eineståande kunstgåve på vel 1500 kunstverk frå den lokale kunstnaren Hans Gjesme (1904–1994). Samlinga omfattar måleri, grafikk, teikningar og skulpturar. Gjesmegalleriet, som no er ein del av stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum, opna i Telegrafen på Lærdalsøyri tre år etter. I 1999 inngjekk Lærdal kommune eit samarbeid med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst. I fem sesongar har det kjende kunstmuseet hatt gjesteutstillingar i Gjesmegalleriet, og i fleire år har det vorte arbeidd med å få nye, større og brannsikre gallerilokale.

– I 2004 vedtok Lærdal kommune oppstart av forprosjekt, og året etter innbaud kommunen til open arkitektkonkurranse. Det tyske arkitektkontoret brethdelacalle vann konkurransen. Det nye Sogn Kunstsenter vert bygd i tilknyting til Norsk Villakssenter og Lærdal kulturhus og vert eit fantastisk bygg til magasin og utstilling av kunst, fortel Myran Aarvik.

Lærdal kommune ligg sentralt mellom Bergen og Oslo og har til alle tider vore eit samferdsleknutepunkt. Av dei mest kjende reisemåla er Borgund stavkyrkje og Gamle Lærdalsøyri, og mange av dei historiske vegane er mykje nytta turvegar. Nærøyfjorden har fått UNESCO-status som verdsarv, og National Geographic Magazine har kåra fjordane til det beste reisemålet i verda. – Lærdølene har tradisjon for å vere gjestfrie. Vestlandet er jo attraktivt i seg sjølv. Me har fantastiske naturlege kulisser i fjord og fjell. Utfordringane er korleis me skal tene pengar på at turistane kjem for å oppleve dette, seier Astrid, som også sit i styret til Reisemål Årdal.

– Vi legg også mykje arbeid ned i å utvide sesongen. Dei fleste tilreisande vel å koma til Vestlandet om sommaren, og me må utvikle produkt som trekkjer vinterturistar.

– Kva blir LNK sine viktigaste saker no framover?

LNK er ein medlemsorganisasjon, og det viktigaste arbeidet er å leggje til rette for at medlemane kan vera aktive nynorskbrukarar. Me må arbeide for at nynorsk skal vere eit jamstilt bruksspråk i alle deler av det offentlege. Me ser at bynære område slit med å halde på nynorsken i skulane, og på mange stadar der dei tidlegare har lange tradisjonar for nynorsk, har dei no folkerøystingar om kva som skal vere hovudmålet.

Aarvik understrekar at det må vere naturleg å lytte og lese nynorsk i fag og administrasjon, og ikkje berre i poesi og 17-maitalar, som ho seier.

Dess meir nynorsk me les og høyrer, dess meir naturleg glir det inn i det daglege. Barn og unge må få det med seg i kvardagen gjennom offentleg bruk av målet. Me blir påverka gjennom det offentlege språket, og det glir etter kvart inn i daglegspråket vårt.

Sjølv har ho vesttelemålet og nynorsken i ryggraden.

– Eg er stolt av målet mitt. Det er ein del av meg som person og av identiteten min. Skriftspråket mitt er kjenneteikna av konservativ nynorsk. Eg prøver å skrive slik at det kjem så nær talemålet som råd. Eg tykkjer det er rett for meg.

Ho brenn for at tilsette i nynorskkommunar skal bli tryggare på språket sitt, og hennar eigen organisasjon har då også gått ut med tilbod om gratis språkkurs til medlemskommunane.

– Fyrst og fremst er det viktig at tilsette får prenta inn at målet deira ikkje er mindre verdt enn bokmålet. Ein må terpe det oppatt og oppatt at det må vera likestilling mellom målformene.LNK tilbyr også kurs for offentlege tilsette. Dess meir ein lærer, dess tryggare kjenner ein seg.

Ho meiner å sjå ein oppsving i deler av næringslivet der fleire vel å profilere seg på dialekt og nynorsk. Då er det naturleg å trekkje fram Sogndal Fotball, som brukar nynorsk aktivt i marknadsføringa.

– Eg har trua på at det vert meir av dette. Eg trur denne trenden vil halde fram, og at nynorsken vil bli nytta av generasjonar etter oss også

Men ho er ikkje berre vekependlar, kulturarbeidar og nynorskmenneske. Ho er også kone og mor. Då dette intervjuet var på trappene, gjekk ho rundt og venta på å bli bestemor igjen. Fotograferinga måtte skje raskt, for når telefonen kom frå Porsgrunn, ville ho ta ut så snart som mogleg.

– Korleis ser ein heilt vanleg søndag ut heime hjå deg?

– Søndag er å gjera noko anna enn det me har tid til elles i veka. Vanlegvis byrjar dagen med at mannen min og eg et frukost medan me høyrer på songtimen på P1. Det er ein roleg og god start.

Eg trivst elles godt med å bruke søndagar til å bake eller ta meg av andre huslege syslar. Med hybelliv på vekedagane set ein pris på å bruke tid i eige hus. Om sommaren prøver me å halde hagen i orden. Svært ofte et me middag saman med barn og barnebarn. Det er noko me ser fram til

 

Sjølvmelding:

Namn: Astrid Myran Aarvik

Alder: 57

Bur: Hetlevik på Askøy

Sivil status: Gift med Per Wilhelm, mor til Marianne og Cathrine, bestemor til Marie

Aktuell: Innstilt som ny leiar til LNK

Les: Eg held på med ein mastergrad i offentleg leiing ved sida av jobben. Det meste av det eg les no, inngår i pensum. Elles er eg glad i lese aviser. Eg ser fram til ei god krimbok i påska.

Høyrer på: NRK P1 og P2

Førebilete: Eg beundrar sterke, modige kvardagskvinner. Dei som ser ut som dei har tid til alt. I tillegg til arbeid og familie engasjerer dei seg i ulike delar av samfunnet og gjev av seg sjølv.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...