Heim Nyhende – Alle er tente med meir nynorsk

– Alle er tente med meir nynorsk

– Både elevar som har nynorsk som hovudmål og elevar med nynorsk som sidemål er tente med meir nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård. Norskfaget er tema når Mållaget samlast til landsmøte i helga.

– Norskfaget er det viktigaste faget i skulen. Vi ser at det er store utfordringar. Mange elevar oppnår ikkje god nok kompetanse i nynorsk, og norsklærarane er under eit krevjande tids- og arbeidspress. Dette vil vi gjera noko med, seier Øvregård.

Han meiner likevel at elevar som har nynorsk som hovudmål og bokmålsbrukande elevar med nynorsk som sidemål har to ulike utfordringar når det gjeld norskfaget.

– Problemet for elevar som har nynorsk som hovudmål er at dei får for lite tekst på hovudmålet sitt. Det er difor mange elevar byter frå nynorsk til bokmål, meiner Øvregård.

Krev løft for sidemålet

Når det gjeld bokmålsbrukande elevar som har nynorsk som sidemål, meiner han at det største problemet er at elevane ikkje lærer nynorsk godt nok.

– Det er dette siste vi går mest inn i på landsmøtet. Vi vil ha eit løft for sidemålsopplæringa for dei med nynorsk som sidemål. Vi meiner at opplæringa i sidemål må starta tidlegare og at sidemålsopplæringa må inn i andre fag enn norsk, seier Øvregård.

Han synest det er interessant at stortingsrepresentant Olemic Thommesen (H) nyleg har teke til orde for det same.

– Kan læra meir

– Så løysinga er ikkje mindre sidemål for å letta presset i norskfaget?

– Vi meiner det er grovt feil når det blir hevda at sidemålsundervisninga går ut over norskfaget. Det finst nok av døme på at bokmålsbrukande elevar kan læra seg nynorsk som sidemål. Forslaget vårt viser korleis det er mogleg å gjera meir enn det elevane gjer i dag utan å bruka meir tid, seier Øvregård, som ønskjer seg eit nytt ordskifte om sidemålsundervisninga basert på kunnskap og forsking.

– Eg er trygg på at forsking vil visa at vi blir betre språkbrukarar av å læra både nynorsk og bokmål. Dei to norske skriftspråka er ein styrke, ikkje eit problem, seier Håvard B. Øvregård.

Til saman er rundt 170 personar påmelde til landsmøtet i Suldal i helga. Øvregård meiner det viser at det er stor interesse for målsaka. (©NPK)

Førre artikkelPå toppen
Neste artikkelKihl leiar språkåret

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...