Heim Nyhende Kihl leiar språkåret

Kihl leiar språkåret

 

Jens Kihl (24) frå Oslo er tilsett som prosjektleiar for Språkåret 2013. Han lovar at det blir ei raus feiring av språket.

I 2013 er det 100 år sidan Ivar Aasen blei fødd og Det Norske Teatret blei opna. Det ønskjer Kulturdepartementet å feire med eit nasjonalt språkår. Departementet har løyvt 700.000 kroner til utviklinga av prosjektet; ein jobb dei har bede Nynorsk kultursentrum om å gjere.

– Dette skal bli ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald i Noreg, seier prosjektleiar Jens Kihl.

– Språkåret 2013 skal femne om både nynorsk og bokmål, teiknspråk, urfolksspråk, minoritetsspråk og innvandrarspråk. Alle som ønskjer å vere med på feiringa, må kjenne seg raust velkomne, held han fram.

Kihl begynner i jobben 1. juni og skal samarbeide tett med ei breitt samansett styringsgruppe som Nynorsk kultursentrum oppnemner i nær framtid.

Grunntanken med språkåret er at det skal bidra til å skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept og respekt for den språkdelte norske kulturen i alle lag av folket. Med grunnlag i nynorsk skal tiltaket handle både om norsk språk generelt og om språk i Noreg. Det er også eit mål å gi Språkåret eit internasjonalt tilsnitt og sjå den norske språksituasjonen i eit større, samanliknande perspektiv, skriv Ivar Aasen-tunet på sine nettsider.

 I januar neste år skal styret i Nynorsk kultursentrum ta stilling til prosjektplanane. Dei er godt nøgde med prosjektleiaren dei har vald.

– Jens Kihl blir rett person på rett plass, og vi gler oss til å sjå han i aksjon, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

– Vi vil halde god kontakt med departementet undervegs i arbeidet. I tida framover blir mange og ulike miljø inviterte til å vere med og gjere noko ingen har gjort før, legg han til.

Kihl held på med mastergraden i sosiologi og har eit engasjement som prosjektleiar for kommunalpolitisk nettverk i Nei til EU. Han har mellom anna vore leiar i Norsk Målungdom 2007–2009, nestleiar i styret for Noregs Mållag 2010–2011, representerer Noregs Ungdomslag i rådet for Nynorsk kultursentrum, har sidan 2008 vore medlem av den norske UNESCO-kommisjonen, er leiar i Sagene SV i Oslo og har i fleire år vore styremedlem i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...