Heim Nyhende Gode skular gir høge bustadprisar

Gode skular gir høge bustadprisar

Folk betaler meir for å bu i nærleiken av skular som kjem godt ut på statistikken, viser ein studie BI har gjort.

Førsteamanuensis John H. Fiva ved Handelshøyskolen BI har saman med forskar Lars J. Kirkebøen ved Statistisk sentralbyrå undersøkt om offentleggjering av ny informasjon av skulekvalitet har noko å seie for prisane i bustadmarknaden.

Forskarane har ifølgje NRK Østlandssendingen tatt utgangspunkt i første gongs publisering av informasjon om skulekvalitet i Oslo i november 2005. Denne publiseringa samanliknar ungdomsskulane i hovudstaden.

– Sidan bustad avgjer kva skule ein høyrer til, blir det forventa at bustadprisar vil endre seg dersom foreldra set pris på informasjon om skulekvalitet, seier Fiva.

Fiva og Kirkebøen analyserte data frå 38.562 bustadtransaksjonar
frå januar 2003 til januar 2006.

Studien viser at bustadprisar stig i område kor den lokale
skulen kom godt ut på rangeringa, medan dei fell i område kor
den lokale skulen kom dårleg ut.

På nettstaden www.skoleporten.no blir det publisert omfattande samanliknande informasjon om grunnskulen.

Førre artikkelKihl leiar språkåret
Neste artikkelVil ha betre kommunar

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...