Heim Nyhende Teknologien riv språkbarrierane

Teknologien riv språkbarrierane

Snart kan telefonen din omsetje samtalen din mens du snakkar. Det opnar for nye bruksområde for dei smale språka, seier framtidsforskar.

Teknologiske nyvinningar er med på å bryte ned barrierar og gjer utryddingstruga språk mindre truga, seier framtidsforskar Klaus Mogensen ved Copenhagen Institute for Futures Studies i København.

Telefon

Den konkrete teknologien han snakkar om her, er ein applikasjon til mobiltelefonar som kan omsetje ein samtale frå engelsk til norsk. Applikasjonen er snart klar for Google Android-telefonar, men i første omgang er det nok dei store språka som engelsk og spansk som blir tilgjengelege.

– Når vi kan bruke telefonen til å omsetje til fleire språk, så vil vi kunne bruke dei smale språka meir. Posisjonen deira blir ikkje lenger så truga, seier Mogensen.

Omsetjing

Det har skjedd mykje på området automatisk omsetjing av språk på datamaskinar dei siste åra, og Mogensen peiker på at tenester som Google Oversett, som set om nettsider til meir enn 50 språk, stadig blir betre og betre.

– Google Oversett er ikkje perfekt, men slike tenester er brukarstyrte. Jo fleire som brukar det, jo fyldigare blir tenesta.

Klaus Mogensen er framtidsforskar og forfattar. Han jobbar også med kva potensial teknologi har, og kva teknologi har å seie for samfunnet og måten vi lever på. For tida jobbar han med ein studie om anarconomy, om korleis nettverkssamfunnet i stigande grad utfordrar tradisjonelle forretningsmodellar. Korleis snakkar vi saman i framtida? er temaet for foredraget som han skal halde på LNK sitt landsting i april.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...