Heim Nyhende Samarbeider om nynorsk i barnehagen

Samarbeider om nynorsk i barnehagen

Norsk Bibliotekforening vil samarbeide med LNK, Nynorsksenteret og Pirion for å gjere gode nynorske barnebøker tilgjengelege i barnehagar.

– Vi har lyst til å bidra i dette prosjektet fordi det er viktig for Norsk Bibliotekforening at det er eit godt samarbeid mellom biblioteka og barnehagane, seier leiar Svein Arne Tinnesand.

Samarbeidet mellom dei forskjellige partane er ikkje formalisert ennå. Prosjektet skal presenterast på landstinget til LNK i Suldal i slutten av april.

Resten av året skal samarbeidspartane utvikla prosjektet, som førebels ikkje har fått noko namn. Under bibliotekkonferansen i Stavanger i mars neste år vil partane seie korleis prosjektet konkret skal fungere.

Mykje av jobben er allereie gjort.

– Det finst allereie mykje god litteratur for barn på nynorsk. Lesesenteret i Stavanger har allereie prøvd ut eit tilsvarande prosjekt utan fokus på målform, og Kunnskapsdepartementet har gjennom Barnehageløftet sagt at språkstimulering i barnehagane er eit satsingsområde, seier initiativtakaren til det planlagde nynorskprosjektet, Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret i Volda.

Gode nettverk

Samarbeidspartane har også gode nettverk, noko som gjer jobben lettare. Nynorsksenteret har per i dag eit formalisert samarbeid med 10 barnehagar spreidde over heile landet. Pirion, som er ei kulturavis for barnehagar, har eit opplag på 38 000 eksemplar og har også eit apparat for å arrangere kurs i kommunane.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har 120 medlemer, det vil seie nesten alle nynorskkommunane og fleire språknøytrale kommunar der nynorsk er fleirtalsform i skulen. Norsk Bibliotekforening (NBF) har rundt 3200 medlemer, av desse er cirka 2100 personlege medlemer.

Styret i LNK var positive til ideen som Støylen kom med.

– Vi ser kor viktig det er at barn og ungdom lærer seg å bli glade i litteratur. Det gjer det mogeleg for dei å tileigna seg eit godt språk når dei blir eldre, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

– Det handlar om å gjere ungane og dei vaksne medvitne om at dei bur i ein nynorskkommune. Målet er dessutan å førebu ungane på leseopplæringa som kjem i skulen, seier Janne Karin Støylen.

Distriktsutvikling

Allmennlærar Støylen sitt arbeidsområde på Nynorsksenteret er nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

– Vi ser kor bra det blir i dei 10 pilotkommunane som vi nå har eit samarbeid med, og eg ønskjer ikkje at dette arbeidet skal stoppe etter prosjektet, slår initiativtakaren fast.

Ho trur at eit godt arbeid med nynorsk språkstimulering kan ha ein positiv effekt for utviklinga av distrikta.

– Dei kommunane som har innbyggjarar som er trygge på språk og identitet, står sterkare med tanke på at ungdom flyttar heim igjen, seier Støylen.

Når samarbeidsprosjektet for å gjere nynorske barnebøker tilgjengelege i barnehagen kjem meir på plass, kan kommunar melde seg på.

– Vi har fundert litt på om vi skal lokka med at det er eit prosjekt for kommunar med fart og sjølvtillit, sluttar Støylen, og viser med dette til mottoet til Tonje Glimmerdal i barnebokforfattar Maria Parr si prislønte bok.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...