Heim Nyhende Meir litteratur for barn

Meir litteratur for barn

Talet på bøker for barn og unge aukar stadig, viser tal frå Norsk barnebokinstitutt (NBI).

 

I 2009 vart det gitt ut 1 162 bøker i kategorien barne- og ungdomslitteratur. Av desse var 349 nye norske utgjevingar. Talet på utgjevingar for 2009 femnar om nye bøker så vel som nyutgjevingar av eldre bøker.

 

Dobla tala

NBI har ført statistikk over utgjevingar for barn og unge sidan 1990. Det året vart det gitt ut 624 barne- og ungdomsbøker, av desse var 215 på norsk. Det viser at det samla talet på utgjevingar nesten er dobla, medan talet på reint norske utgjevingar relativt sett har vakse mindre.

Forlagsredaktør for barn og unge i Samlaget, Erle Stokke, seier dei har hatt ein god auke i talet på titlar for barn i løpet av 2000-talet. I fjor gav dei ut 35 bøker for barn og ungdom, av desse var 26 heilt nye. Ho meiner barnelitteraturen generelt vert tatt meir på alvor no enn han vart på 90-talet, då NBI byrja målingane sine.

– Både bokmeldingar og forsking på barnelitteratur har vorte mykje betre dei siste åra. Innan forsking har det vore ei veldig utvikling, og faget har meir status no.

Forfattarstudium

Tilfanget av barnebokforfattarar er også godt, meiner Stokke og viser til at NBI sjølve har satsa på å utdanne barnebokforfattarar. Organisasjonen starta opp ei forfattarutdanning som eit prøveprosjekt i 2006, og no tar dei inn 12 forfattarar årleg til eit toårs deltidsstudium. Samlaget har sjølve fått forfattarar frå studiet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...