Heim Nyhende Rapporterer for 379 millionar kroner

Rapporterer for 379 millionar kroner

Norske kommunar si rapportering til staten krev 700 årsverk og kostar 379 millionar kroner i året.

Dette kjem fram i ei ny undersøking som PwC har gjennomført for KS og Kommunaldepartementet, skriv Kommunal Rapport på sine nettsider. Kommunalt rapporteringsregister har meint at rapporteringa krev 193 årsverk.

Rapporteringa frå kommunane til staten er eit stort system med 80 ordningar som er definert i lover eller forskrifter. Meir enn 5000 forskjellige datapunkt blir samla inn i dette systemet, og kommunane må melda frå om alt frå frøsettinga til skogstrea til skogsvegar bygt utan tilskot.

Undersøkinga viser vidare at viss denne rapporteringa hadde vore frivillig ville 19 prosent av kommunane gitt lite eller ingen informasjon til staten om kva dei driv med.

KS og staten har lenge diskutert kor mykje tid og pengar kommunane bruker til rapporteringa, og om ho er nyttig. Nå er dommen klar. Han viser at rapporteringa krev mykje meir tid og ressursar enn den instansen som tar imot det meste av informasjonen har hevda.

KS fryktar at rapporteringa skal ta tid og pengar frå brukarane av pleie, omsorg, skule og barnehage.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...