Heim Nyhende Fire milliardar ekstra til kommunane

Fire milliardar ekstra til kommunane

Regjeringa gir fire milliardar kroner ekstra i frie inntekter til kommunane. Det er ikkje nok, meiner kommunane.

Fleire raudgrøne politikarar seier til Aftenposten at det auka tilskotet skal vere nok til å sirkre at kommunane kan oppretthalde tenestetilbodet som i dag.

Kommunenes interesseorganisasjon, KS, meiner at endringa i befolkningen og auka pensjonsutgifter gjer det naudsynt med betydeleg auke. I dag legg regjeringa fram kommuneproposisjonen, som er kommunane sitt budsjett for neste år.

I tillegg til overføringane som kommunane disponerer fritt, ligg det også an til ei auke i dei øyremerka midlane. Som ei følgje av samhandlingsreformen overfører staten ytterlegare fem milliardar kroner til å dekkje utgiftene til dei oppgåvene kommunane overtar.

Arbeidarpartiet har fått gjennomslag for at det skal bli gitt betre insentiv til kommunar som slår seg saman. Små kommunar som gjer dette, skal få behalde sine tilskot lenger enn under ordninga som er i dag.

Ordninga med samkommunar blir lovfesta. Dette er ein slags lettversjon av samanslåing av kommunar, som formaliserer samarbeid under eit nytt regelverk. Det er SV og Sp som har kjempa saman dette alternativet til kommunesamanslåing. (NTB)

Les også kva Agderposten skriv om denne saka.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...