Heim Nyhende Tøft å vere lokalpolitikar

Tøft å vere lokalpolitikar

Som lokalpolitikar får du ein del kjeft, og for enkelte kan det bli så mykje at dei blir sjuke og sluttar. KS er uroa for rekrutteringa til lokalpolitikken.

– Du blir sjuk av all kritikken, fortel Eva Pleym Lund, som sit i Vågsøy kommunestyre for Venstre, til NRK.

Lund kom inn i kommunestyret i 2007, og var med å avgjere at kommunen skulle arrangere verdas største seilskuteregatta, Tall Ship’s Races, i 2008. Det enda i 15 millionar kroner i underskot. Vågsøy kommune hadde allereie ein pressa kommuneøkonomi.

Eva Pleym Lund fronta kutt i skulebudsjettet for å dekke inn underskotet etter folkefesten. Det skapte reaksjonar. Ho opplevde kritikken frå media og folk som så vanskeleg at ho meiner det gjorde at ho blei sjukemeld.

Gunnar Olsen (H) har vore lokalpolitikar i Andøy i snart åtte år, men stiller ikkje til attval på grunn av kjeften han har fått.

– Det har vært ein kontinuerleg tirade av krasse lesarinnlegg. Eg er interessert i lokalpolitikk, og det har eg alltid vore, men eg synest ikke lenger det er verdt det, seier Olsen.

– Som lokalpolitikar må ein rekne med å få ein del kritikk, men eg synest det har vore veldig mykje usakleg kritikk som det er vanskeleg å svare på. Det er ikkje noko triveleg for familien heller, og dei er glade for at eg ikkje held fram som politikar, legg Olsen til.

Noreg er blant dei landa i Europa som har hyppigast utskiftingar i lokalpolitikken. Ved siste kommunestyreval takka 55 prosent nei til attval. KS er uroa for rekrutteringa.

– Når prioriteringane blir vanskelegere og personfokuset aukar i lokalpolitikken, er konsekvensen at du kan gå glipp av mange som er godt eigna til å ta verv. Kombinert med at det er vanskeleg å få nok folk til å stille liste og at vi har relativt låg valdeltaking, er dette eit signal i feil retning for lokalpolitikken si utvikling, seier Magne Nicolaisen i KS Nord-Norge til NRK.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...