Heim Nyhende Jon Fosse flyttar inn i Grotten

Jon Fosse flyttar inn i Grotten

Kulturminister Anniken Huitfeldt kunne i føremiddag fortelje at dramatikaren Jon Fosse flyttar inn i staten sin æresbustad Grotten.

Det har vor mange diskusjonar rundt kven det var som skulle overta æresbustaden etter komponisten Arne Norheim, som døydde i juni i fjor.

Grotten blei ført opp av Henrik Wergeland i 1840. Bustaden fekk namnet etter grotta som Wergeland fekk laga under det. Her hadde diktaren eit lite arbeidsrom. Grotten har vore staten sin kunstnarbustad sidan 1922.

Komponisten Christian Sinding, diktaren Arnulf Øverland og Arne Nordheim har budd i bustaden. Sjølve Grotten, hola under bustaden, er open for allmenta ein dag i året – kvar 17. mai.

Under annonseringa av arvtakaren til æresbustaden sa kulturmisteren til Jon Fosse:

– Du er den dramatikaren som er mest spelt i si samtid. Verka dine har blitt til 900 oppsetjingar og er sett om til 40 språk. Wergeland var diktar, Sinding komponist og Nordheim komponist. Du representerer kontinuitet i denne rekka.

Jon Fosse er født i Haugesund, vaksen opp i Hardanger og har fram til nå vore busett i Bergen. Han skriv på nynorsk og har skrive meir enn 50 bøker. Han debuterte med romanen ”Raudt, svart” i 1983. Fosse har tidlegare fått prisar som Nynorsk litteraturpris, Samlagsprisen, Ibsenprisen, Doblougprisen, Aschehougprisen, Nordisk Teaterunions dramatikerpris, Skandinavisk Nationalteaterpris og Norsk kulturråds ærespris, og han har også skrive filmmanus.

Då Fosse fekk Ibsenprisen 2010, sa han dette om kva nynorsken tyder for diktinga hans.
– Min forfattarskap er sjølvsagt uløyseleg knytt til nynorsken. Og eg trur, og veit, at nynorsken som språk påverkar, og er med på å bestemma, diktinga mi.

Her kan du lese meir om den anerkjente norske dramatikaren.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...