Heim Nyhende 27 nye Inn på tunet-kommunar i 2011

27 nye Inn på tunet-kommunar i 2011

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete har valt ut kva kommunar som får status som Inn på tunet-kommuner i 2011. 

Sjå heile lista over nye Inn på tunet-kommunar

 No har 64 kommunar status som Inn på tunet-kommunar. I 2010 blei 37 kommunar utvalde. Dei utvalde kommunane ser på Inn på tunet som ein viktig del av løysinga for utfordringar knytt til omsorgsplan 2015, Kunnskapsløftet, Samhandlingsreforma, NAV-reforma, integreringsarbeid og førebyggjande arbeid.

Nytenking i kommunane
– Vi føler at vi har utløyst eit potensiale for kreativitet og nytenking i kommunane, seier Brekk og Navarsete. Dei utvalde kommunane representerer ein spennande breidde både med omsyn til innhald i og innretning av prosjekta. Her er det er store sentrale kommunar med stor marknad for Inn på tunet-tenester og mindre distriktskommunar der omsynet til arbeidsplassar betyr mykje.

Heile 88 kommunar søkte om å bli Inn på tunet-kommune i 2011. Innovasjon Norge og Fylkesmennene har førebudd innstillinga til dei utvalde prosjekta for departementa.

Inn på tunet er tilrettelagde tilbod på gardsbruk som omfattar tilbod til alle aldersgrupper, i hovudsak tenestetilbod i nært samarbeid med oppvekst/skule-, helse- og sosialsektor i kommunen. I dag er det slike tilbod på om lag 850 gardar spreidde rundt i heile landet.

Les meir om Inn på tunet.

—————————————————————————————————————————————————-

Inn på tunet-løftet er ei 3-årig satsing i regi av Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Føremålet er å forankre og styrke Inn på tunet i kommunen sitt plan- og strategiarbeid, og finne gode, tverrsektorielle samarbeidsformer og modellar i tenesteutviklinga. Vidare skal løftet bidra til å styrke kommunen sin kompetanse om Inn på tunet tilbod og tenester og auka verdiskaping for landbruket.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...