Heim Nyhende Nye vegar kostar mest for bilistane

Nye vegar kostar mest for bilistane

Lokalpolitikarar og opposisjonspolitikarar er ikkje nøgde med at det er bilistane sjølve som må ta størstedelen av rekninga når vegar blir bygde og rusta opp.

Ifølgje ein gjennomgang NRK har gjort må bilistane ut med over seks av ti vegkroner. Dette tilsvarer 15 av totalt 25 milliardar kroner, som 15 nye bompengeprosjekt vedtatt av Stortinget kjem til å koste.

– Bompengeandelen er så høg nå at det ikkje lenger kan kallaste eit reelt spleiselag. Dette er tvangskjøp av veg på avbetaling. Renter og driftskostnader gjer at samla innbetaling for bilistane nærmar seg det det kostar å byggje prosjektet, seier stortingsrepresentant Arne Svortevik (Frp) til NRK.

Bømlo kommune i Sunnhordland har eitt av dei 15 nye vegprosjekta som Stortinget har gått inn for. Vegane i øykommunen skal bli rusta opp for over ein milliard kroner. Det er meininga at vegbrukarane skal ta 65 prosent av rekninga for dette arbeidet.

– Eg er uroa over at ein stadig større del av rekningane hamnar hos bilistane, seier Bømlo-ordførar Inge Reidar Kvalvåg (H).

Stortingspolitikar Magne Rommetveit (Ap), som kjem frå nabokommunen Stord der han tidlegare har vore ordførar, synest ikkje det er eit problem at bilistane må ta ein stor del av rekninga.

– Når ein ser dei gode resultata, synest eg det er rett og helt greitt, seier Rommetveit til NRK.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...