Heim Nyhende Sju av ti seier nei til EU

Sju av ti seier nei til EU

Sju av ti som har bestemt seg, seier nei til at Noreg skal bli EU-medlem, ifølgje ei måling Respons har laga for Aftenposten.

Mai-målinga viser at 71 prosent seier nei til EU. 29 prosent seier ja. Tala er nærast uendra sidan mai i fjor, då 70 prosent sa nei og 30 prosent sa ja.

Ser vi på alle veljarane, fordeler tala seg slik: 62 prosent seier nei til EU, 25 prosent seier ja, medan 12 prosent er usikre på om Noreg skal bli EU-medlem.

Målinga har ein feilmargin på mellom 2 og 3 prosentpoeng.

Fordelt på partipreferansar viser det seg at det no er fleirtal mot medlemskap blant Høgre-veljarar. 59 prosent av Høgre-veljarane som har gjort seg opp ei meining om EU, seier nei, medan 41 prosent seier ja til EU.

Blant dei andre partia er ja-oppslutnaden høgast blant dei som stemmer på Arbeidarpartiet, Venstre og Framstegspartiet, med rundt 35 prosent. Blant dei som stemmer på Senterpartiet og Raudt er nei-delen på 100 prosent. Blant Sosialistisk Venstreparti-veljarane svarar 98 prosent nei til EU. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...