Heim Nyhende Handlekraftig direktør

Handlekraftig direktør

Fem månadar etter ho overtok stolen som Kulturråddirektør, har Anne Aasheim etablert ein heilt ny organisasjon.

Kulturrådet var klart for store organisatoriske omrokeringar grunna samanslåing med ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) då Anne Aasheim tok over direktørstolen i fjor haust. Desse utfordringane har den nye direktøren teke på strak arm. Sidan samanslåinga ved nyår er det lyst etter og tilsett fire nye avdelingsdirektørar.

– Når selskap fusjonerer, fører det med seg nye mulegheiter. Dette er eit spennande arbeid, som òg har fått brei tilslutning i heile organisasjonen, fortel ei engasjert Aasheim.

Samanslåinga med ABM-utvikling har ført ansvaret for kompetanse og oppgåver på museums- og arkivfeltet over til Kulturrådet.

­Kulturvernfeltet vil få ei heilt anna kraft med denne fusjonen, i følgje Aasheim.

Som embetskvinne og direktør for Kulturrådet har Aasheim langt frå frie taumar, men som rådgjevar for statsråden i kulturpolitiske spørsmål har ho absolutt ei makt til å påverka utviklinga av kunst- og kulturlivet i Noreg.

– Det som tiltala meg mest med stillinga, var høvet til å vera med på å utvikla kunst- og kulturlivet i Noreg, ikkje minst som pådrivar på området. I jobben som redaktør i Dagbladet var kvardagen i stor grad prega av omlegging, organisatoriske endringar og nedbemanning.

– Eg må innrømma at det er godt å vera ein stad utan å måtte seia opp folk. Det å seia opp folk er noko ein ikkje venner seg til.

Aasheim var ein sterk pådrivar for etableringa av Nynorsk mediesenter i Førde i 2004.

– Eg var brennande engasjert i etableringa av Nynorsk mediesenter, fortel Aasheim. Eg har alltid likt nynorsk som skrift og talespråk.

Som mangeårig distrikts- og nyhendedirektør i NRK meiner Aasheim kanalen spelar ei avgjerande rolle i norsk språkutvikling, og at det alltid har vore stort språkleg medvit i mediekanalen. Men i ei tid med større internasjonalt og globalt fokus er ein nøydd til å ty til nye verkemiddel. Der kom Nynorsk mediesenter inn.

Sidan oppstarten av Nynorsk mediesenter i Førde i 2004 er det uteksaminert 65 nynorskpraktikantar. Per 18. april 2011 arbeider 74 % av dei i media, i følgje Nynorsk mediesenter. Tjueto er fast tilsette som journalistar. Av dei 40 som er i NRK, er sytten fast tilsette.

– Journalistpraktikantane frå Mediesenteret er i dag med på å synleggjera eit godt språk i media både skriftleg og munnleg, understrekar Aasheim.

Interessa for språk har alltid vore sterk. Med oppvekst i Porsgrunn i Telemark er det radikalt bokmål som er hennar hovudmål. Nynorsk vart ho for alvor kjend med og trygg på då ho som ung journalist jobba to år på desken i den kristne avisa Dagen. Der hadde ho ansvar for å redigera framsidene i avisa, som vart redigert på nynorsk.

Men i den nyleg avtroppa stillinga som redaktør for Dagbladet fekk ho ikkje gjort så mykje for å mjuka opp haldningane til redaksjonelt innhald på nynorsk.

– Eg fekk ikkje jobba nok med språk i Dagbladet, medgjev Aasheim. Eg kom inn i Dagbladet i ei tid der profil, redaksjonelt innhald, omlegging, organisatoriske endringar og oppseiing av tilsette var hovudfokus.

Ein hektisk start i ein ny jobb er over, og nye oppgåver ventar. Gjennom å vere forvaltar av Norsk kulturfond og andre statlige støtteordningar på kulturområdet og pådrivar for nye kunst- og kulturprosjekt mottek Kulturrådet rundt 15 000 søknadar årleg.

Då er Aasheim glad for å ha gode og fagleg høgt kvalifiserte sakshandsamarar i staben. Det høyrest ut som ho trivst godt i denne jobben og med staben.

– Det er slik ein glød og engasjement blant medarbeidarane mine, understrekar Aasheim.

Aasheim kjenner seg privilegert som får leia ein slik dynamisk og lite tungrodd stab.

For ho forventa kanskje å møte eit meir klassisk byråkrati då ho gjekk frå medieverda til embetsverket. Men ho har berre hatt positive opplevingar etter oppstarten og har hatt ei positiv oppleving av å koma inn.

– Eg har kjent meg velkomen, rett og slett, avsluttar Aasheim.

 

SJØLVMELDING:

Alder: 49

Bur: Oslo

Sivilstatus: Gift med Mette

Aktuell: Ny direktør i Norsk kulturråd

Les: Alt eg kjem over!

Førebilete: Ingen spesielle. Eg tenkjer det er best å gjere som best eg kan.

 

Førre artikkelBrenn for språket
Neste artikkelØyremerking

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...