Heim Nyhende Brenn for språket

Brenn for språket

Jens Kihl har leia målungdommen og vore sentral i Noregs Mållag. No skal han vere sjef for Språkåret 2013.

Fortel litt om bakgrunnen din.

Eg har vakse opp på Ullevål i Oslo, og fann vegen inn i målrørsla då eg gjekk på Oslo katedralskole på vidaregåande. Sidan har eg vore nestleiar og leiar i Norsk Målungdom, nestleiar i Noregs Mållag og hatt ei rekkje andre verv i målrørsla og politikken elles. I tillegg har eg dei siste åra arbeidd som prosjektleiar for det kommunalpolitiske nettverket i Nei til EU og held på med mastergraden i sosiologi ved Universitetet i Oslo.

Kva blir jobben din som prosjektleiar for Språkåret 2013?

Det er ingen som har laga eit språkår før, så eg trur ganske mykje av tida vil gå med til å finne ut kva dette skal bli for noko. Men det vi veit, er at 2013 lurer like rundt hjørnet, slik at planlegginga må kome i gang temmeleg snøgt. Vi skal prate med mange ulike miljø og menneske, både gjennom møte og gjennom nett. Noko av det viktigaste vil vere å kome i kontakt med mange ulike miljø, slik at mange får lyst til å bidra til Språkåret. Som vi alltid sa i Norsk Målungdom: Hugnad for dugnad.

Kva er det som lokka med denne jobben?

Alt, eigentleg! Men særleg vil eg trekkje fram eitt viktig poeng: Dette er ikkje meint å bli eit tradisjonelt forfattar-jubileum for Ivar Aasen, men i staden eit år for å lyfte fram verdien av språk i brei forstand. I ei tid der mange slit med å sjå verdien av språk, trur eg Språkåret kan vere ein viktig bidragsytar i riktig retning. Dette brenn eg for!

Kva forventningar har du sjølv til Språkåret?

Eg tenkjer på Språkåret som det monsteret som budde under senga då eg var liten: stort, ukjend, kanskje litt farleg. Og med ei tiltrekkingskraft som gjer at du berre må sjå nærare på det.

Og kva kan du love publikum?

Førebels: Ingenting. Men ambisjonen min er at Språkåret skal prioritere deltakarar framfor tilskodarar.

Korleis vil de involvere folk på grasrotnivået slik at kvar einskild får eigarskap til Språkåret?

Språk er så vidt eg veit den einaste kulturforma alle menneske har sams. Då ville det vore passe ironisk om Språkåret blei eit elite-fenomen. Vi vil sjølvsagt involvere alle, men særleg er det éi gruppe eg er oppteken av: dei som ikkje trudde dei ville interessere seg for Språkåret. Målfolk, forfattarar og kulturbyråkratar vil uansett kaste seg med. Men kven er det i samfunnet vårt som verkeleg har bruk for Språkåret? Det gler eg meg til å finne ut!

Kven skal du ha med deg i arbeidet ditt?

Eg blir tilsett i Nynorsk kultursentrum, og blir ein del av den dyktige staben der. Det vil bli oppretta ei eiga styringsgruppe for Språkåret, som kjem til å vere breitt samansett. Og ikkje minst kjenner eg allereie trykket frå ulike miljø som har idear og planar for Språkåret – så eg blir langt frå åleine i arbeidet.

Kva spor bør ei slik markering setje att etter seg?

Dei største spora er allereie sett, ved at Språkåret i seg sjølv er eit resultat av livsverket til 197-åringen Ivar Aasen. På ein eller annan måte bør spora frå Språkåret fylgje i same lei; for eit opnare, meir mangfald og meir demokratisk samfunn. Vi skal gje nynorskbrukarar større språkleg sjølvkjensle og skape aksept for og i det fleirspråklege Noreg.

Kva forhold har du sjølv til språk som reiskap for kommunikasjon?

Tja; mest av alt er eg oppteken av at språk er utruleg mykje meir enn ein reiskap for kommunikasjon. Men eg ser for meg at det hadde blitt veldig masete om vi ikkje hadde språket å kommunisere med.

Kva gjer du når du ikkje jobbar?

Eg er aktiv i SV og sit i den norske UNESCO-kommisjonen. Eg er veldig glad i å reise: Om to veker skal eg på ferie til Helsingfors – tenk å vere ein stad der folk flest pratar finsk!

Namn: Jens Kihl

Bur: Sagene i Oslo

Språk: nynorsk, trøndersk på fest.

Alder: 25

Aktuell som: prosjektleiar for Språkåret 2013

Førre artikkelVakne!
Neste artikkelHandlekraftig direktør

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...