Heim Nyhende - Ein tilbakeståande bavianskalle

– Ein tilbakeståande bavianskalle

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) fekk epost frå ein nynorskhatar som kalla han ein tilbakeståande bavianskalle, nynorskens far blei kalla Ivar anus-Aasen og vidare skreiv han at nynorsk er så stygt at satan sjølv avviser ein kvar nynorsktalande ved helvetes portar.

Sp-representanten la ut eit innlegg på bloggen sin mot Høgre sitt vedtak om å fjerne sidemålsundervisninga frå den norske skulen. Han fekk eit rasande svar på epost. Pollestad la meldinga frå nynorskhataren ut på bloggen sin utan namn på avsendaren.

Nynorskhataren presenterer først ei rekkje analogiar til Pollestad sin uttale om at ein ikkje kan norsk om ei berre kan bokmål. Sidan skriv avsendaren:

”Din idé om kultur og identitet, som nynorsken skal forsvares på grunn av, er for 80 % av landets befolkning en balje med stinkende, råtnende diaré, som du og dine likesinnede svømmer rundt i mens dere synger nynorske viser. 80 % er selvfølgelig ikke nok for en tilbakeståande bavianskalle som deg, ikke 99 % heller. Så lenge du selv er overbevist om noe, er det nok for deg til å støtte den systematiske voldtekten av demokratiske prinsipper som lovpålagt sidemålsundervisning er”.

Det sluttar ikkje der:

”Bavianskaller har aldri like demokrati noe særlig, de forstår ikke hvorfor de skal måtte respektere hva et flertall mener når de tror de har rett i noe. Derfor forstår ikke du hva demokrati er og derfor driter du i at nesten hele Norges befolkning hater nynorsk og folk som deg så lidenskapelig at de ønsker Ivar anus-Aasen vekket til live for å brenne ham på et bål av nynorsk ”litteratur”…”.

Og det blir endå verre. Det kan du lese her.

– Eg veit at det er folk som har eit intenst hat mot nynorsk, men eg har aldri opplevd at dei uttrykkjer seg på ein slik måte. Det var vel kanskje i overkant frodig skrive, men det var få skrivefeil og det er uvanleg i denne typen epost, seier Geir Pollestad til lnk.no.

– Eg lo mest då eg las han, det blei jo berre verre og verre, legg han leande til.

Nynorskhataren sørgde for at fleire tusen var innom bloggen til stortingsrepresentanten via Twitter, så på den måten har han eigentleg gjort Sp-politikaren ei teneste. Geir Pollestad har skrive eit svar til nynorskhataren på jærdialekt.

– Det undra meg litt at han trudde eg var frå Bergen, sjølv om eg har budd og studert der i seks år. Dét er vel det einaste eg blei litt fornærma for, seier Pollestad med smil i røysta.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...