Ein sommardag i 1907 sto det att nokre stampar med bær på kaien på Sørheim etter at båten hadde gått til Bergen. Dette blei starten på næringseventyret Lerum og saftbygda. Nå er det gjerde generasjon Lerum som eig og driv millionbedrifta med 130 tilsette i Sogndal.
Oldeforeldra Kari og Nils H. Lerum grunnla Lerum. Trine Lerum Hjellhaug (36) er i dag dagleg leiar for saft- og syltetøybedrifta. Med seg på eigarsida har ho to systrer og to syskenborn. Mora hennar jobbar i kantina. Onkel er rådgjevar. Bestefar kjem innom dagleg og drikk kaffi. Nyleg byrja femte generasjon Lerum å jobbe på fabrikken som elektrikar.
– Det er mange i familien som jobbar her, og det går bra så lenge vi er medvitne om rollene våre og har ein god og open dialog med dei andre tilsette, seier den daglege leiaren.
Tre anlegg
Lerum AS er i dag landsdekkjande leverandør av saft, syltetøy og jus. Syltetøyproduksjonen held til i fjøresteinane i Sogndal, medan saft- og jusproduksjonen føregår i den 22 000 kvadratmeter store fabrikken i Kaupanger. Lerum sitt fryseanlegg for bær ligg i nabokommunen Lærdal.
Lerum AS omsette i fjor for nærare 430 millionar kroner. Kva er nøkkelen til suksessen?
– Hardt arbeid og langsiktig tenking, er Lerum Hjellhaug sitt kontante svar.
Lerum blir framheva som ein viktig aktør i Sogndal kommune. Dei deler ut sponsormidlar til lag og organisasjonar.
Del av lokalsamfunnet
– Vi ønskjer å vere med og byggje det samfunnet vi er ein del av, seier Lerum-sjefen.
I 2011 er det 30 år sidan Kåre Lerum og Rolf Navarsete forhandla fram den første sponsoravtalen mellom Lerum og Sogndal Fotball, og dette er det lengste generalsponsorsamarbeidet i norsk toppfotball.
– Lerum og Sogndal Fotball har hatt eit fruktbart samarbeid i 30 år. Nå signerer vi for tre nye år, sjølv om intensjonen er at vi skal samarbeide utover desse tre åra, sa Trine Lerum Hjellhaug tidlegare i år etter at sponsoravtalen var underskriven.
– Sogndal Fotball har litt av dei same verdiane som oss og same måte å jobbe på. Vi er dei små mot dei store, og må vere smartare for å utnytte dei ressursane vi har, slår ho fast.
Språk og identitet
Lerum kunne spart pengar på transportkostnader om dei hadde flytta bedrifta til Oslo. Det køyrer ut 10 vogntog frå Sogndal kvar dag med Lerum-produkt.
– Det handlar om identitet. Så lenge det er familien som eig Lerum, så blir vi i Sogndal. Her har vi nærleik til naturen og til historia vår, peikar Lerum Hjellhaug på.
Lerum brukar dessutan nynorsk medvite.
– Vi har gått inn for nynorsk som språk fordi det er det språket vi snakkar, og dei vi er, fortel Trine Lerum Hjellhaug.