Heim Nyhende To kvinner blir fylkesmenn

To kvinner blir fylkesmenn

Anne Karin Hamre blir ny fylkesmann i Sogn og Fjordane og blir dermed den første kvinnelege fylkesmannen i fylket. Valgjerd Svarstad Haugland blir ny fylkesmann i Oslo og Akershus.

– Anne Karin Hamre kjenner kommunane og livet i Sogn og Fjordane gjennom jobben som assisterande fylkesmann. Ho har den nødvendige erfaringa for å fylle rolla, sa fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud då ho offentleggjorde kven som blir den nye fylkesmannen på ein pressekonferanse i dag, skriv Sogn Avis.

Aasrud sa at ho var ekstra stolt over at det i dag vart utnemnd to kvinneleg fylkesmenn.

Anne Karin Hamre var på plass på pressekonferansen i Oslo, der ho takka for tilliten.

– Eg gler meg til å ta fatt på jobben, og eg startar alt neste veke, kunne Hamre opplyse om.

Ho trekte fram at Sogn og Fjordane er eit fantastisk spanande fylke.

– Men me har også utfordringar, som samferdsle, sjukehusstrid og folketal. Det er mykje å ta fatt i, og eg gler meg til å byrje, sa Hamre.

Anne Karin Hamre (45) skreiv historie då Kongen i statsråd i dag utnemnte ho til ny fylkesmann. Etter det Rigmor Aasrud kjenner til skal ho vere den første assisterande fylkesmannen som blir utnemnt til fylkesmann.

Ho er også første kvinne som blir fylkesmann i Sogn og Fjordane, og ho er ikkje politikar.

Hamre har vore assisterande fylkesmann sidan juli 2008. Ho har tidlegare hatt ulike stillingar i embetet, både som administrasjonssjef og rådgjevar. Ho er cand. polit. med hovudfag i statsvitenskap frå Universitetet i Bergen.

Også to menn vart oppnemnde som fylkesmenn i dag. Jørn Aksel Krog blir ny fylkesmann i Sør-Trøndelag, medan Svein Ludvigsen er oppnemnt for ein ny åremålsperiode i Troms. Fylkesmennene er tilsette på åremål for ein periode på seks år.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...