Heim Nyhende Lærarar skriv under mot sidemål

Lærarar skriv under mot sidemål

33 norsklærarar ved fem skular i Telemark har skrive under på eit opprop mot sidemålsstil og karakter i sidemål både på ungdomsskulen og vidaregåande, skriv Telemarksavisa.

Samtlege av lærarane, som har skrive under i Telemark, underviser i skular der elevane har bokmål som hovudmål, så det er nynorsk som er under angrep, skriv avisa vidare. Oppropet gjeld den skriftlege delen av undervisinga.

På landsbasis har 600 norsklærarar ved 93 skular så langt skrive under på oppropet. Det er Ane-Lin Strømholm, norsklærar gjennom 15 år ved Ringerike videregående skole, som står bak det private initiativet.

Ved Kjølnes ungdomsskole i Porsgrunn har åtte norsklærarar skrive under på oppropet. Carl Magne Isaksen, som har vore norsklærar sidan 1972, fortel at årsaka til at han engasjerer seg er alle dei elevane som slit med hovudmålet – bokmål.

– Og så får dei sidemålet – altså nynorsk – i tillegg, som dei slit endå meir med. Vi vil framleis ha mykje nynorsk i undervisinga, men vi treng ikkje å undervise i to skriftspråk, seier Isaksen til Telemarksavisa.

– Vi vil at alle elevane skal kunne lese både bokmål og nynorsk. Men alle bør bare ha eit hovudmål som er skriftleg, og eit sidemål som er munnleg, meiner kollega Sissel Bendiksen.

– Vi blir anklaga for å ville nynorsk til livs, men det gjeld altså bare den skriftlege biten. Slik det er nå, må vi frita fleire elevar i nynorsk. Dei maktar det rett og slett ikkje, konkluderer Isaksen.

– Skriftleg nynorsk drep mykje av gleda ved norskfaget. Det er mange lærarar som meiner det same som oss, men dei fortel det bare til kolleger, kan Kjølnes-lærar Guro Dalene fortelje.

– Vil ikkje dette oppropet bare forverre haldningene til nynorsk blant elevane, spør Telemarksavisa.

– Då mine elevar blei kjent med at eg hadde skrive under på oppropet, trudde dei ikkje på det. Eg jobbar positivt med faget, for å få ei god haldning til nynorsk blant elevane. Men eg kunne gitt elevane betre og grundigare norskundervising viss eg slapp å drille dei i grammatikk på nynorsk, svarer Bendiksen.

Kristin Thoresen jobbar ved Tveten ungdomsskole kor 10 lærarar har skrive under på oppropet. På spørsmålet om kva ho håpar å få ut av oppropet, svarer ho:

– Vi håpar på sikt at nynorsk ikkje er eit fag som krev ein eigen karakter. Det held med ein karakter i norsk skriftleg og ein i munnleg, ikkje tre karakterar som det er i dag.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...