Heim Nyhende – NRK får ikkje nok nynorskjournalistar

– NRK får ikkje nok nynorskjournalistar

– Ei av årsakene til at NRK ikkje greier å oppfylla kravet om 25 prosent nynorsk, er at det ikkje blir utdanna nok nynorskjournalistar, seier kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas.

 

– Vi har ei svært bevisst haldning om å nå målet om 25 prosent nynorsk og om å rekruttera nynorskbrukande journalistar, men det er ikkje like lett å oppnå, seier kringkastingssjefen.

 

NRK har i det siste fått kritikk etter at nynorskprosenten har gått ned i fleire kanalar. Bjerkaas meiner ei av årsakene er at det er vanskeleg å få tak i nynorskjournalistar. Han peikar på at kravet om 25 prosent nynorsk i NRK er mykje høgare enn prosenten nynorskstudentar som kjem ut av frå høgskular og universitetet.

– Ved journalistutdanninga i Volda brukar berre 18 prosent av studentane nynorsk, medan nynorskprosenten ved Universitetet i Bergen ligg på rundt 10 prosent.

– Og Universitetet i Bergen er det universitetet i Noreg der nynorskprosenten er høgast, legg Bjerkaas til.

Nynorsk mediesenter i Førde har sidan 2004 lært opp fem nynorskpraktikantar kvart år.

– Er ikkje det til hjelp for å auka nynorskprosenten i NRK?

– Det korrigerer tilbodet og hjelper på, men er ikkje nok. Men utan Nynorsk mediesenter ville det vore krise, seier kringkastingssjefen til Nynorsk pressekontor.

Feil veg

Medan nynorskprosenten frå 2008 til 2009 auka både i radio og fjernsyn, syner ferske tal frå Allmennkringkastingsrapporten at det i 2010 blei mindre nynorsk i alle kanalar bortsett frå NRK 2. Der auka nynorskprosenten i fjor frå 17 til 20,4 prosent.

I NRK 1 gjekk nynorsken derimot tilbake frå 24 til 18,2 prosent.

Utviklinga er den same for radio. NRK P2 er den kanalen som har størst nedgang. Her gjekk nynorskprosenten ned frå 23 til 17 prosent. NRK P3 hadde ein svak tilbakegang frå 24 til 22,5 prosent.

Super på jumboplass

Samla sett er NRK Super den kanalen der nynorsken kjem dårlegast ut. Her gjekk nynorskprosenten ned frå 16 til 9,2 prosent. Seinast i november i fjor understreka kringkastingssjefen overfor NPK at NRK er svært oppteken av språket i barnekanalen. Han kan ikkje forklara den store nynorsknedgangen i kanalen.

– Eg kan i alle fall slå fast at det ikkje er utslag av ei anna haldning. NRK Super er svært medvitne om å spegla variasjonen i språk og etnisitet hos barn i Noreg.

– Også når det gjeld dubbing av program prøver NRK Super å bruka nynorsk og dialektar, men det er ikkje alltid like enkelt. Mange av dei firmaa som leverer dubbing til NRK har mest bokmålsbrukarar, men vi prøver å oppmuntra dei til å bruka nynorsk.

Kringkastingssjefen meiner nedgangen for NRK Super kan hengja saman med at NRK har fått eit nytt målesystem, og at det knyter seg ei viss uvisse til tala.

Ros for tiltak

Trass i at NRK ikkje greier oppfylla 25 prosentkravet om nynorsk, får Rikskringkastinga likevel ros frå Medietilsynet for fleire positive tiltak. Tilsynet trekkjer mellom anna fram at NRK har tilsett fleire nynorskbrukarar og at programleiarar som snakkar nynorsk, blir prioritert i NRK Super.

Etterlyser tiltak

Leiar i Kringkastingsringen Martin Toft synest det er trist at bruken av nynorsk går tilbake i fleire kanalar, men er glad for at NRK viser vilje til å gjera nynorsken meir synleg. Ikkje minst synest han det er positivt at NRK nyttar nynorsk og dialekt i eigenproduserte kvalitetsprogram som til dømes filmatiseringa av boka Vaffelhjarte som kjem seinare i år.

Han saknar likevel målbare resultat, særleg etter at NRK har lova tiltak i år etter år.

– Vi treng ikkje berre god nynorsk, vi treng mykje nynorsk. Når Stortinget har fastsett kravet om 25 prosent nynorsk, er det fordi dei ser at nynorsk ikkje berre treng kvalitet, men òg kvantitet, seier Martin Toft, som oppmodar kringkastingssjefen til å leggja fram konkrete planar om korleis det går an å styrkja nynorskbruken i heile NRK.

– Eit avvik mot utviklinga

Kringkastingssjefen viser på si side til at NRK har tiltak og eit klart mål om å oppnå 25 prosent nynorsk. Han strekar samtidig under at det er mange andre faktorar som påverkar utviklinga og bruken av nynorsk.

– Tjuefemprosent-krava skil seg frå utviklingstrekka i samfunnet, seier han.

– Meiner du at kravet er urealistisk?

– Eg vil ikkje konkludera med det, men å tru at 25-prosentkravet i NRK skal sikra nynorsken, er å venta for mykje av NRK.

– Er det noko nynorskmiljøet kan gjera for å betra tilhøva?

– Eg trur det viktigaste er å vera merksame på utviklingstrekka i skulen og utdanningsinstitusjonane, seier Hans Tore Bjerkaas. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...