Heim Nyhende Sommarsnakk med Terje Espe

Sommarsnakk med Terje Espe

Rockebandet Transistor påberoper seg å vere verdas einaste trønderrockband som syng på nynorsk.

Namn: Terje Espe

Alder: 60

Yrke: Vokalist og låtskrivar for Transistor

Brukar sommaren til: Det blir litt festivaljobbing no i starten, og så skal vi faktisk ha ferie heile juli før vi tar til med spelejobbane att i august.

Sei litt om forholdet til språket ditt: Eg er tospråkleg. I skuletida skreiv eg nynorsk, så den ballasten har eg med meg frå barneåra. Seinar blei det bokmål, men no er eg tilbake i nynorsken.

Korleis hadde det seg at Transistor byrja skrive låtar på nynorsk, då? Det er mi «skuld». Komponist Erling Solem trengde tekstar til eit heavyrockprosjekt han jobba med, og han bad meg om å skrive. Eg prøvde på engelsk, men det blei ikkje bra. Så sende eg han nokre tekstar på nynorsk – og det vart faktisk låtane til den første plata til Transistor.

Korleis er det å vere nynorskbrukar i ein bransje kor så mykje føregår på engelsk? Det ser ut at det kjem stadig fleire som bruker dialekt eller eit nynorsktilnærma språk i musikken sin. Vi opplever også at kritikarane ser og set pris på den språklege dimensjonen vår og kommenterer at tekst og musik kler kvarandre.

Så de har ikkje planar om å prøve dykk på engelsk? Nei.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...