Heim Nyhende Songlyrikar blir festspeldiktar

Songlyrikar blir festspeldiktar

Arne Moslåtten i Hellbillies er festspeldiktar for Dei nynorske festspela 2012 i Ørsta og Volda. Temaet for neste års festspel er “Songen”.

 

Det er første gong ein songlyrikar blir vald til festspeldiktar. Arne Moslåtten frå Hallingdal har skrive over 150 songar og tekstar på nynorsk.

 

– Moslåtten er ein framifrå vise- og songdiktar, song har gjort nynorsk og dialekt meir sjølvsagt, og songen spelar ei viktig rolle i samfunnet. Alt dette vil vise att i festspelprogrammet for 2012, seier programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding.

Arne Moslåtten er ikkje bare komponist og musikar, han er også musikklærar og rektor. Han speler fleire instrument, mellom anna fløyte, trekkspel og gitar. Han er utdanna faglærar ved Musikkonservatoriet i Bergen.

Hallingdølen sine songar blir omtala som sikre og presise i form og med eit tematisk mangfald med presise observasjonar frå norsk bygdeliv.

– Moslåtten sine tekstar er så litterære at dei er verd eit nærare studium, har norsklektor og sakprosaforfattar Sveinung Nordstoga uttala.

I 2008 fekk Arne Moslåtten Edvard-prisen for Hellbillies-albumet “Spissrotgang”.

Dei nynorske festspela 2012 har “Songen” som tema. Festspela blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 28. juni til søndag 1. juli, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Det er førebels ikkje klart kva Moslåtten skal gjere under festspela, det blir fastlagt utover hausten og vinteren.

– Publikum vil få både det dei ventar og noko som overraskar. Festspela blir ganske ulike frå år til år med så ulike festspeldiktarar som vi har, seier Widerøe.

Tidlegare festspeldiktarar :

1994 Kjartan Fløgstad

1995 Halldis Moren Vesaas

1996 Paal-Helge Haugen

1997 Ragnar Hovland

1998 Jon Fosse

1999 Åse-Marie Nesse

2000 Rune Belsvik

2001 Brit Bildøen

2002 Einar Økland

2003 Marie Takvam

2004 Frode Grytten

2005 Edvard Hoem

2006 Olaug Nilssen

2007 Erna Osland

2008 Lars Amund Vaage

2009 Tove Bakke

2010 Rønnaug Kleiva

2011 Bjørn Sortland

2012 Arne Moslåtten

(Kjelder: Allkunne.no og Wikipedia)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...

Nynorsk-tap på Stortinget: – Ekstremt skuffande

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. – Det er heilt uforståeleg at fleirtalet...

Skriv nynorsk på nynorskdagen 12. mai

– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve,...

Tre millionar til nynorskbrukarane

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid...