Heim Nyhende Melsom-prisen 2011 til språkleg fornyar

Melsom-prisen 2011 til språkleg fornyar

Lars Amund Vaage får Melsom-prisen for romanen ”Skuggen og dronninga”; ei bok som juryen meiner er original, rørande og tankevekkande og som fortel om mennesket sin plass i verda.

Juryen, som består av Hilde Sandvik, Ola E. Bø og Brit Bildøen, seier dette om tildelinga:

– Det er ei glede å få gi Melsom-prisen til Lars Amund Vaage, som i heile sin forfattarskap har vore ein språkleg fornyar. Kanskje er det nettopp derfor språkløyse har vore eit tilbakevendande tema i bøkene hans. Vaage har vore opptatt av dei som skil seg ut, dei som fell utanfor eller som gjennom eigne val, bevisst eller ubevisst, set seg sjølve utanfor. Det er denne utanforposisjonen han på ulike måtar utforskar med sitt alltid leitande, presise og musikalske språk.

Lars Amund Vaage (59) er fødd på Sunde i Kvinnherad, og har ei rekke bokutgjevingar bak seg. Han debuterte med romanen Øvelse kalde vinter i 1979. Sidan har han gitt ut fleire romanar, både for barn og vaksne og han har også gitt ut dikt- og novellesamlingar.

Vaage byrja si yrkesutdanning på pianokrakken, men avbraut pianistutdanninga. Han har vore festspeldiktar i Bergen (2001) og ved Dei nynorske festspela (2008), og har også vore formann i Norsk Forfattersentrum.

59-åringen har også vunne prisar tidlegare. I 1995 fekk han Kritikarprisen og i 2002 P2-lyttarane sin romanpris.

– Den musikalske bakgrunnen har synt meir og meir att i bøkene til Lars Amund Vaage med tida. Språket er reint og rytmisk, vakkert og plastisk, og alltid effektivt. Også tematisk har musikken fått større plass i bøkene etter kvart, og med romanar som Rubato i 1995 og Tangentane i 2005 har han synt korleis møtet mellom skriftspråk og musikk kan utvikle stor og vesentleg litteratur, både ved freistnaden på å setje ord på dei opplevingar musikken kan gi, og i drøftingar om kunst og personlegdom, skriv Allkunne om forfattaren.

Melsom-prisen har sidan 1924 gått til ei ”verdifull bok” som ”efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse”. Skipsreder Ferd. Melsoms legat vart stifta i 1922. Formålet er «fremme av det norske sprog (landsmålet)». Det blir delt ut ein pris kvart år til ein forfattar eller omsetjar som året før har gitt ut ei verdifull bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Legatet vert styrt av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Prisen er på 40.000 kroner.

Tidlegare vinnarar av prisen er mellom anna: Einar Økland, Jon Fosse, Knut Olav Åmås, Sigrun Slapgard og Marie Takvam.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...